Hopp til innhold

Slik skal dei unngå å bomme på skulevalet

Heile 30 prosent av elevane droppar ut av vidaregåande skule. 15 år gamle Hanne Sofie Hagerup går i 10. klasse og har fått ei aning om kva ho ikkje skal velje.

I desse dagar får alle landets 10. klassingar besøke to linjer ved vidaregåande, slik at det skal bli enklare å velje rett.

Alle landets 10.-klassingar får hospitere to dagar på vidaregåande, slik at dei lettare skal finne ut kva retning dei skal velje.

På fysikkrommet til Haram vidaregåande skule er det ein litt annleis dag. Elevane som er i klasserommet er nemleg ikkje dei som går her til vanleg. I desse dagar får alle landets 10.-klassingar besøke to linjer ved vidaregåande, slik at det skal bli enklare å velje rett.

LES OGSÅ:

Mange vel feil

Valet er ikkje enkelt og det viser seg at ganske mange bommar. 40 prosent av dei som vel yrkesdag fullfører ikkje. 15 prosent av dei som går allmennfag droppar også ut, viser statistikken på landsbasis.

Hanne Sofie Hagerup har saman med dei andre ungdomsskuleelevane fått i oppgåve å lage ein isoporbåt som raskast mogleg skal ta seg fram i eit kar med vatn.

– Det er artig. Det er annleis enn eg trudde. Eg tenkte vi skulle gjere skulearbeid når vi kom hit, seier Hagerup.

Vil at elevane skal lukkast

Jan Magne Helland

Rektor Jan Magne Helland vil unngå at elevane vel feil.

Rektor ved Haram vidaregåande skule, Jan Magne Helland, seier at dei vil unngå at elevane vel feil og dermed må skifte frå den eine studieretninga til den andre. Skulen tar imot 200 ungdomsskuleelevar og gir dei ein smakebit av kva skulen har å by på.

– Vi ynskjer at elevane kjem inn på område som passar dei, slik at dei lukkast i livet, seier Helland.

Formidabelt apparat

Rose Skarset i Møre og Romsdal fylkeskommune seier at dei jobbar intensivt med gode tiltak for at elevane skal fullføre vidaregåande skule. Målet er at dei fleste vidaregåande elevane skal fullføre skulen på normert tid. Ho trur det er spanande for 10.-klassingane å no få besøke dei vidaregåande skulane.

– Det er eit formidabelt apparat som er sett i gong når bort imot 7000 besøk skal gå føre seg på skulane, seier Skarset. Ho understrekar at Møre og Romsdal er heilt i landstoppen når det gjeld å fullføre vidaregåande utdanning.

LES OGSÅ:

Finne ut kva som interesserer

Odd Einar Molnes er lærar for 10.-klassingane ved Haramsøy skule og han synest at det å få hospitere på vidaregåande i to dagar, har noko for seg.

– Dei får sjå om dette er noko som fenger og kanskje ikkje minst det motsette. Dei får oppdage at dette ikkje er noko for dei, seier Molnes.

Og akkurat den kjensla sat Hanne Sofie Hagerup med etter ein dag i fysikkrommet. Ikkje fordi båten til gruppa hennar køyrde inn til sisteplass, men fysikk er kanskje ikkje det rette for henne.

– Fysikk freistar ikkje meg. Eg har ikkje tenkt å bli noko innan det faget, seier Hagerup.