Hopp til innhold

Gode råd før stormen

Meteorologane varslar ekstremver frå Stad til Narvik. Det startar fredag kveld. Forsikringsselskapa ber folk sikre husa sine.

Campinghytta på Unstad camping

FOR SEINT: Denne Campinghytta på Unstad camping fekk hard medfart onsdag kveld.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Forsikringsselskapet Tryg er eit av selskapa som gir råd til huseigarar om korleis dei skal sikre eigedomen sin før stormen.

Enkle grep

Skadedirektør i forsikringsselskapet Tryg

SJEKK: Ta ein sjekk av eigedomen din før uveret kjem, oppfordrar skadedirektøren i forsikringsselskapet Tryg, Karsten Kristiansen.

Foto: Tryg

Skadedirektøren i Tryg, Karsten Kristiansen, seier dei merkar godt når det har vore skikkelig ruskever. Då kjem det ein jamn straum av skademeldingar inn til forsikringsselskapa i etterkant.

Mange av desse skadene kunne ha vore unngått med enkle grep, meiner han.

– Vannskadar oppstår lett fordi takrenner, avløp og sluk er tette. Skader på tak kan skje ved at verutsette greiner ikkje blir saga av før stormen, fortel skadedirektøren.

«Berit» er på veg

Storm på trøndelagskysten

I GANG: Det er allereie kraftig vind fleire stader langs kysten frå Stad til Narvik.

Foto: Ståle Yttrehus / NRK

Og dersom du bur i Møre og Romsdal, Trøndelag, Helgeland, Salten, Lofoten eller Ofoten bør du ta grep for å sikre eigendommen din snarast råd. Ekstremveret «Berit » er varsla frå fredag.

Kombinasjonen ekstrem høg vasstand, høge bølgjer og kraftig vind har fått meteorologane til å sende ut ekstremvarsel.

– Ekstremver er i sin natur sjelden. Dei tre siste åra har vi hatt eit tilfelle av ekstremver, og det var stormen «Ask», fortel Jørn Kristiansen ved Meteorologisk institutt til yr.no.

Gode råd før

Og her er råda frå forsikringsselskapet Tryg om korleis du best kan sikre hus og heim før ekstremveret slår inn:

  • Fjern alt laust, og bind saman det som ikkje kan fjernast.
  • Sjekk at taua sit godt. Båtar på sjø og i opplag, le-veggar og garasjer med open port blir fort offer for vindens herjingar.
  • Bygg under oppføring bør sikrast godt.
  • Ikkje parker ved hus og tre om du kan unngå det. Fjern lause greiner om du har tre ved huset ditt. Fjern også laus takstein.
  • Sjekk at takrenner og slukar ikkje er tette.
  • Ha lommelykter og batteridriven radio parat, om straumen sviktar. Lytt til nyheitene og følg råda.
  • Hald deg inne under uveret. Det er for risikabelt å gå ut for å sikre tinga dine når uveret først står på.

Gode råd etter

Og forsikringsselskapet har også råd å gi etter stormen:

  • Dekk knuste vindauge og hol i tak med noko som kan halde vind, snø og regn ute.
  • Fjern, flytt eller dekk til ting som kan bli skada.
  • Spar på kvitteringar for utlegg til nødreperasjon. Forsikringsselskapet dekker dette.
  • Sjekk frysaren dersom straumen går. Flytt eventuelt varer til nokon som har straum og plass.
  • Ta bilde og film av det som er øydelagt.
  • Ikkje kast øydelagte ting før takstmannen har sett dei.
  • Er stormskaden så alvorleg at du ikkje kan bu i huset dit, dekker forsikringsselskapet midlertidig innlosjering. Kontakt forsikringsselskapet ditt.
  • Ikkje gløym hytta di!
  • Kontakt forsikringsselskapet så snart du har gjort nødreperasjonane som må til.