Hopp til innhold

Slik såg Spragle ut etter etsande væske i pelsen

To kattar på Hellesylt i Stranda har blitt avliva etter store sårskadar. To andre kattar har kome heim med etsande væske i pelsen. Katteeigar Eivind Louis Helset er bekymra.

Katten Spragle

Slik såg katten Spragle ut etter at ho var i kontakt med eit slags etsande stoff.

Foto: privat

Fredag var ein tung dag for familien til Eivind Louis Helset, som er svært glade i kattane Miss og Spragle. Den to år gamle katten Miss kom inn om morgonen med pelsen dekt av ei slags væske. Då dei tok henne med inn på badet, og katten kom bort i veggen, datt pelsen av. Det var eit makabert syn. Pelsen lukta sterkt og såg oljete ut.

– Miss hadde store smerter og vi måtte berre avlive henne, fortel katteeigar Helset.

Brannsår i ansiktet

Han er svært bekymra, for det er ikkje første gang han har sett dette. I november kom den andre katten deira, Spragle, heim med våt pels. Sambuaren til Eivind, Susanne Margrethe Ringdal, vaska henne i badekaret, men oppdaga dagen etterpå at pelsen var heilt hard. Dessutan hadde katten noko som likna brannsår i ansiktet. Dei tok katten med til veterinær, som trudde at Spragle hadde fått på seg ei slags etsande væske.

– Like etterpå vart vi kontakta av ein nabo, som hadde tilsvarande å fortelje om sin katt, seier Helset. På tre månader har to kattar fått så store etseskadar at dei har blitt avliva, medan to andre har overlevd sårskadane. Spragle fekk medisinar til auge og pels hos veterinæren og overlevde.

– Auget er litt sårt iblant, og deler av ansiktet ser brannskadd ut, men katten har det bra, seier Helset. Det var nettstaden Hellsylt info som først skreiv om saka.

Eivind Louis Helset

Eivind Louis Helset med katten Spragle. Den andre katten i huset måtte dei avlive fredag.

Foto: privat

Fryktar dyremishandling

Helset veit ikkje kvifor kattane har fått etsande væske på seg.

– Dersom det er eit stoff som ligg ute, fryktar eg at barn også kan kome bort i det. Barnehagen ligg like ved byggefeltet her, seier Helset. Han oppmodar folk om å sjekke rundt husa sine.

Helset har også tenkt tanken om at nokon har gjort dette med vilje for å skade kattane, sidan væska luktar sterkt og kattar er kloke dyr, som ikkje oppsøker fare.

– Det er heilt forferdeleg dersom nokon har utsett kattane for dette, seier Helset.

Katten Miss er sendt til Veterinærhøgskolen i Oslo til obduksjon, for å finne dødsårsaka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL