Hopp til innhold

– Det hjelper ikkje med kjempefint utstyr, dersom du ikkje klarer å sette opp teltet

Turistforeininga på Sunnmøre har venteliste for folk som vil lære å overnatte i telt i snøen. Dei ber folk øve seg heime i stova.

Venninner på telttur

Venninnene Barbro Linn Giske og Marianne Dragesæt meldte seg på kurs for å kunne sove utandørs utan å fryse i hel.

Foto: Remi Sagen / NRK

Barbro Linn Giske (40) har gått mange fjellturar på Sunnmøre, men i helga fekk ho endeleg realisert ein gamal draum. Då overnatta ho i telt i snøen i mange minusgrader.

– Då vi skulle til å dra var det allereie 15 minus, så eg tenkte herlegheit, korleis skal dette gå. Det er ikkje akkurat noko du gler deg til, seier Giske og ler.

Ho var redd for å fryse i den kalde vinternatta. Og det viste seg å vere ei reell uro.

Kan ikkje bruke utstyret

Friluftsinteressa har eksplodert dei siste åra og mange har investert i telt og friluftsutstyr, ikkje minst under koronapandemien. I 2020 åleine auka salet av telt med nesten 50 prosent ifølgje utstyrskjeda XXL.

Men turleiar Anne Synnøve Korsvik i DNT Sunnmøre seier mange ikkje veit korleis utstyret skal brukast.

– Det hjelper ikkje at du har kjempegodt utstyr, og så kjem du til fjells og det er skikkeleg drittver og bles frå alle kantar, og så klarer du ikkje å sette opp teltet. Då er du ille ute, seier Korsvik.

Ho var den som nyleg fekk ideen om å arrangere tur med vintertelting – for nybegynnarar.

– Ja, eg vart overraska over alle som ville vere med, det hadde eg aldri trudd! Det var litt sånn wow! ler ho.

Anne Synnøve Korsvik

Turleiar Anne Synnøve Korsvik tipsar folk om å sette opp teltet heime i stova første gongen, så dei er sikre på at det går greitt.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Telt i hagen

Den erfarne turleiaren har overnatta ute i telt sidan ho var ei lita jente, og har kjent på kroppen at vinterkulden i Noreg kan bli både intens og farleg.

Ho synest absolutt fleire bør prøve seg på telting i vinternatta, men har nokre tips til nybegynnarar som vil tørrtrene heime.

– Slå opp teltet i stova første gongen, slik at du veit at du klarer det. Legg deg i hagen og test utstyret ditt. Blir det for kaldt, kan du berre gå inn. Det er ikkje så lett om du er langt til fjells og ikkje har prøvd utstyret ditt, seier ho.

Overnatting i telt på vinteren. Her frå kurs på Ørskogfjellet

Det er lurt å ha prøvd å sette opp teltet på førehand.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ho har fleire tips på lur for den som skal telte for aller første gang:

  • Finn eit plass der du kan gå inn i nødsfall, ikkje dra langt ut på vidda
  • grav kuldegrop i forteltet for å unngå at kulden samlar seg der du skal sove
  • skift ullundertøy når du kjem fram dit du skal telte
  • ha ekstra, varme kle klare til du skal slå leir, då treng du meir enn når du går
  • ver varm før du legg deg, slå nokre OL-flokar for å få i gang blodsirkulasjonen
  • drikk eller et noko varmt
  • tøm blæra før natta, elles kan du få ei vakenatt eller ein iskald tur ut i snøen
  • ha med varmeflaske til å varme beina
  • ha ein god sovepose og eit bra liggeunderlag
  • ha med enkel turmat, til dømes frysetørka eingongsporsjonar
  • ver obs på at det er mogleg å låne utstyr både hos DNT, Kirkens Bymisjon og andre
Bål på telttur

Eit bål kan vere godt å varme seg på når ein teltar ute om vinteren.

Foto: Anne Synnøve Korsvik

– Hadde med vin og lys

Marianne Dragesæt (35) og venninna Barbro Linn Giske (40) er glade for at dei forlèt den varme stova og starta året med å utfordre seg sjølv.

– Det er utanfor komfortsona du har det aller gøyast, seier Dragesæt i ettertid.

I tillegg til den obligatoriske pakkelista, sneik dei ned i sekken vin, gourmetkaffi, smågodt og lyslenke til å henge på teltet. I løpet av kvelden fraus både smågodtet og tannkremtuba til is, elles gjekk alt etter planen. Frå teltopninga kunne dei sjå nordlyset som dansa over stjernehimmelen før dei slokna.

– Det var heilt fantastisk. Vi var litt spent då vi såg gradestokken kraup lenger og lenger ned, men vi sov som nokre prinsesser, seier Barbro Linn Giske og ler.

Telttur på Ørskogfjellet

Det var 11 nybegynnarar med på telttur på Sunnmøre i helga. Det var så populært at turistforeininga no planlegg ein ny tur i løpet av kort tid.

Foto: Remi Sagen / NRK