Hopp til innhold

Slik lager du den perfekte sommerkransen

Blomekransen er ein av sommarens absolutt heitaste trender. Elisabeth Heiervang Eikrem frå Blomstergården viser korleis det gjerast.

Blomerkransen er ein av sommarens absolutt heitaste trender. Elisabeth Heiervang Eikrem frå Blomstergården viser korleis det gjerast.

– Det viktigaste er å velgje skikkelege stilkar som ikkje er for tjukke, eller for sprø, seier Elisabeth Heiervang Eikrem, imens ho med vante fingrar flettar blomer og ståltråd saman i ei lang remse. Dette har ho gjort før, og ho kjem sannsynlegvis til å fortsette med det heile sommaren. I år som i fjor er det nemleg få ting som er meir "in" enn blomekransen.

Fin til fest

– Det er absolutt populært. Vi lagar ein god del for folk som skal på sommarfest og liknande. Seinest i går var det nokon som skulle på Hawaii-fest, og då skulle det være fargar i massevis, alle moglege, seier Heiervang Eikrem. Ho syns det er koseleg at det er blitt så populært å pynte seg med kransar.

- Eg personleg syns blomekransar er veldig fine, det er liksom prikken over i-en. Du er veldig pynta, men på ein lettvint måte. Blomer er rett og slett fint til det meste, anten det er på bordet eller på haudet, det er alltid litt ekstra stas.

Blomsterbarn

Elise Støhle og Leah Heiervang viser at det ikkje berre dei store som er fine med blomekrans.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Ekspertens råd

Heiervang Eikrem flettar helst ein ståltråd inn i kransen slik at den skal holde betre. Det går og an å surre tråden rundt den ferdige kransen, men den gjev ikkje på langt nær samme effekt. Det går og an å surre tråden rundt den ferdige kransen, men den gjev ikkje på langt nær samme effekt

– Om du ynskjer det eller om du kjenner at det byrjer å lausne litt, kan du godt ta ein ekstra streng til seinare og jukse litt der det trengs ekstra støtte. Ein vil jo gjerne at kransen held seg sjølv om ein skulle få lyst å danse litt, smilar ho.

Alt er lov

Det kan og være ein idé å fylle ut med litt meir blomer etter at kransen har begynt å teke form om ein vil ha den meir fyldig eller har sprø stilkar ein er litt redd for å brekke. Når det gjeld korleis kransen helst skal sjå ut, er Heiervang Eikrem forsiktig med å legge føringar.

– Det aller meste er jo lov, då. Det er fint når det er litt vilt, ikkje veldig strukturert.

Kransane bør helst lagast samme dag som dei skal brukast, for det tek ikkje lang tid før dei tørkar ut og byrjer å henge med haudet.

– Eventuelt kan du legge heile kransen i vatn, eller dusje den og putte den i ein plastpose, helst på ein kjølig stad. Då held dei litt lenger.

Sjå alle eksperttipsa i videoen under:

Blomekransen er ein av sommarens absolutt heitaste trender. Elisabeth Heiervang Eikrem frå Blomstergården viser korleis det gjerast.

Slik lagar du sommarkransen.