Rusmisbrukarar får meir hjelp

Firebarnsmor Marianne Ristesund har vore avhengig av rus i heile sitt vaksne liv. No får sunnmørskvinna hjelp.

Marianne Ristesund

Marianne Ristesund har vore rusmisbrukar heile sitt vaksne liv. No får ho hjelp

Foto: Anne-Bente Skjellum

Ho hadde ein god jobb som ambulansesjåfør og hjelpepleiar, men rusen tok overhand. Først alkohol i mange år, deretter amfetamin.

Liv eller død

No har firebarnsmora vore rusfri i 16 månader og ho takkar tilbodet om ettervern for det.

-For meg betyr det nesten liv eller død, seier Marianne Ristesund.

Betre oppfølging

Ettervern betyr at pasientar som er utskrive frå rusbehandlingsinstitusjonen får vidare oppfølging. I mai i fjor fekk Vestmo behandlingssenter i Ålesund eit dagtilbod, der pasientar vert følgt opp i minst eitt år etter klinikkopphaldet.

Lever i ei boble

Tore Sponland

Tore Sponland er ansvarleg for dagtilbodet ved Vestmo behandlingssenter i Ålesund

Foto: Anne-Bente Skjellum / NRK

Ansvarleg for dagtilbodet, Tore Sponland ser at færre pasientar no fell ut undervegs.

-Det er når ein kjem ut frå institusjonen at arbeidet startar, seier Sponland.

Han meiner at det å vere innlagt på institusjon, er som å leve i ei boble. Då har pasienten dei tilsette rundt seg heile tida, og ein har eit fellesskap med andre i same situasjon.

-Når vi no tilbyr vidare oppfølging, får rusmisbrukaren møte utfordringane i kvardagen, samstundes som behandlinga fortset, seier Sponland.

Motivasjonen aukar

Også Ålesund kommune ser at ettervern har virka. Kommunen står klar med rehabiliteringsbustader og miljøterapeutar som skal hjelpe dei tidlegare rusmisbrukarane tilbake til samfunnet.

Liv Trædal

Liv Trædal i Ålesund kommune

Foto: Anne-Bente Skjellum / NRK

– Vi ser heilt klart at det gjer noko med motivasjonen at pasienten veit at det står eit apparat klart til å ta imot, etter at behandlinga er ferdig, seier Liv Trædal i Ålesund kommune.

Kutta vennar

Marianne Ristesund har prøvd å kutte rusmisbruket på eiga hand fleire gongar, men har ikkje klart det.

Sunnmørskvinna har ho vore i behandling i to år. For å klare å halde seg rusfri, har Ristesund kutta kontakt med vener i miljøet. Det vanskelegaste no er å lære seg å leve eit normalt liv på nytt.

-No har eg det veldig bra. Og eg har lært at det ikkje er farleg å be om hjelp, seier Ristesund.

NRK anbefaler

Siste video/lyd

For ti dager siden havnet Fares Khader under vann. Og ble liggende på syv meters dyp. Lenge. I dag er han sjeleglad for å være i live.
Synnøve Følsvik Lyshol og Bengt Ronny Lyshol er på ferie i Nice. Synnøve stod like ved den hvite bilen, da hun hørte ropene. Da startet marerittet.
Det er mykje ulovleg bruk av teiner og garn.
På Nordmøre er fleire teiner og anna fangstredskap dratt inn etter ein storaksjon dei siste dagane.