Hopp til innhold

Slik kom ho seg ut av stresslessen og opp i Sunnmørsalpene

SYKKYLVEN (NRK): I fjor vinter var ho sjukmeld på grunn av sterke ryggsmerter og hadde problem med å sove om natta. Ho såg med frykt fram mot dei neste åra i arbeidslivet. Men så tok ho ei viktig avgjerd.

Hanne Renate Garli

Hanne Renate Garli (35) seier ho ikkje hadde drøymt om korleis ho no kan springe i fjella. Og løysinga sat ho med sjølv.

Foto: Synnøve Hole

Det er ingenting å seie på farten til 35 år gamle Hanne Renate Garli i det ho trippar som ei lettbeint geit oppover stien. Ho skal til toppen av Hovdeåsen, og kan vegen nesten i blinde. Det siste året har ho gått 110 turar.

Hanne Renate Garli på tur

Sandvikhornet er eitt av fjella Hanne Renate Garli har besøkt i 2016.

Foto: privat

– Eg har brukt mykje tid og pengar på å prøve å bli betre, og så er det som funkar best, heilt gratis: naturen, konkluderer ho.

Nyleg fortalde ho til Sykkylvsbladet at ho spretta champagneflaska på tur nr. 100, tidlegare i vinter.

Sette mål om 100 turar på eitt år

Hanne Renate Garli

Saumoperatøren hos Ekornes fortel at ho tidlegare gjekk på fjelltur berre dersom ho måtte. No har det blitt eit behov.

Foto: Synnøve Hole

Før jul i fjor brukte 35-åringen store deler av dagen i stresslessen, og måtte ha smertestillande for å sove. Å gå på arbeid som saumoperatør hos hjørnesteinsbedrifta Ekornes kunne ho berre gløyme. Dei siste åra har ho vore sjukmeld med jamne mellomrom på grunn av prolaps i ryggen.

Ein dag forstod ho at ho sjølv måtte gjere noko med situasjonen.

– Eg sa til meg sjølv: du skal jobbe i 40 år til, no er det berre å skjerpe seg, seier ho bestemt, og sette seg som mål å gå 100 turar i 2016.

Sjefen er imponert

Glenn Harald Tafjord

Avdelingsleiar Glenn Harald Tafjord ved Ekornes er imponert over den innsatsen Hanne Renate Garli har gjort for å halde seg på arbeid.

Foto: privat

Dette er som musikk i øyra til avdelingsleiar Glenn Harald Tafjord ved syavdelinga på Ekornes.

– Dette er mektig imponerande, det å kome seg ut annankvar dag i all slags ver er veldig bra, seier han.

Lars Erik Mørk

Lars Erik Mørk i Aktivitetsalliansen skulle ønskje fleire skjønte kor effektivt fysisk akvitiet er mot mange plager og livsstilssjukdommar.

Foto: Gjensidigestiftelsen

Aktivitetsalliansen arbeider for å få fleire til å gjere nettopp det 35-åringen har gjort. Talsperson Lars Erik Mørk er overvelda.

– Det er heilt fantastisk, det viser at fysisk aktivitet som medisin i mange tilfelle er det som skal til, seier han.

– Kva skal til for å få fleire til å tenkje som henne?

– Det er eit vanskeleg spørsmål, men vi veit at legen er viktig. Dei fleste av oss høyrer på det som blir sagt, og difor er det viktig at legen er medviten om kor effektiv fysisk aktivitet er som medisin på livsstilssjukdommar av typen depresjon, blodtrykk og diabetes, seier han.

Ikkje sjukmeld i 2016

Ho som før måtte tvingast med på fjellturar, har det siste året erfart at den systematiske turgåinga har hatt effekt. I 2016 har ho ikkje vore sjukmeld ein einaste gong.

I tillegg har ho blitt veldig glad i naturen.

Før likte eg ikkje vinteren, men no har alle årstidene blitt fascinerande. Det å gå på tur betyr utruleg mykje – både for hovudet og kroppen, seier ho.

Hanne Renate Garli

Hanne Renate Garli har sett seg som mål å gå på 25 nye fjelltoppar i 2017. Det var Sykkylvsbladet som først fortalde om prosjektet hennar.

Foto: Synnøve Hole