Hopp til innhold

Gaupe tok turistvegen til Averøy

Atlanterhavsvegen er kåra til ein av verdas vakraste. No mistenker viltansvarleg i Averøy kommune at ei gaupe har gått over bruer og fyllingar på turistvegen for å finne seg ein make.

Atlanterhavsvegen

Her over Atlanterhavsvegen skal gaupa ha gått.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Øykommunen Averøy på Nordmøre har ingen fastbuande gauper, men måndag såg innbyggjarane plutseleg gaupespor. Viltansvarleg Dag Bjerkestrand er ikkje i tvil om at dette er spor frå ei gaupe som har kome gåande. Dyret likar ikkje å symje og har difor måtte kome over den praktfulle Atlanterhavsvegen. Det skriv Tidens Krav.

– Det er jo litt spesielt at den har gått så langt over bruer og veg, seier Bjerkestrand.

Kom gåande om natta

Atlanterhavsvegen går i sikksakk over åtte bruer i havgapet og er litt over åtte kilometer lang. Ingen har sett at gaupa kom gåande, men teorien til Bjerkestrand er at spaserturen har føregått nattestid.

Ei anna moglegheit er at gaupa har kome via undersjøiske tunnelar, men det tvilar viltansvarleg på.

På jakt etter make

Det er ikkje første gong det er sett gaupe på Averøy. For om lag 10 år sidan vart det også observert gaupe, som truleg har kome frå nabokommunane.

– Mars er paringstid, så eg trur dette er ei einsleg gaupe på jakt etter make, seier Bjerkestrand. Han tvilar på at gaupa vil lukkast.

Skulle den likevel finne på å slå seg ned på Averøy, skal det vere rikeleg med mat å finne.