Slik kjem du deg inn på bustadmarknaden

Hallgeir Kvadsheim, kjent frå TV-programmet Luksusfellen på TV3, er på Sunnmøre for å snakke med folk om korleis dei skal kapre draumebustaden.

Hallgeir Kvadsheim, kjent fra TV-programmet Luksusfellen

Hallgeir Kvadsheim, frå TV3-programmet Luksusfellen, fortel korleis ein skal klare å kome seg inn på bustadmarknaden.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Det er no krav om å stille med 15 prosent eigenkapital, og ifølgje Kvadsheim, er det mange unge som lurer på korleis dei i det heile skal klare å kome seg inn på bustadmarknaden. Gjer heimeleksa di, kjem det kontant frå økonomen.

– Det er viktig å vere førebudd når ein skal til banken for å snakke om lån. Ein bør vite korleis ein skal ha råd til å leve med lånet.

Fast sparing

Hallgeir Kvadsheim, kjent fra Luksusfellen

Hallgeir Kvadsheim meiner at mange overdriv løna si, men undervurderer forbruket. Då kan det gå gale for privatøkonomien.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Økonomen fortel at det som oftast er folk som får mykje utbetalt på ein gong som hamnar i luksusfella. Då kan pengane gå opp i røyk like fort som ein får dei.

Eit tips for å unngå dette er å ha fast sparing.

– Viss ein fast sum blir trekt frå kontoen din kvar månad legg ein ikkje like godt merke til det som viss ein skulle overført pengar til sparekontoen sjølv, seier Kvadsheim.

Vil ha meir privatøkonomi i skulen

Økonomen trur at grunnen til at mange endar i den såkalla luksusfella er fordi dei ikkje forstår grunnleggande økonomi.

– Det er dessverre mange som ikkje forstår dei enkle mekanismane i privatøkonomien. Enten det er snakk om lån, sparing, pensjon, arv eller aksjar.

Han seier at bankane tar dette på alvor, men skulane burde ha gjort meir.

– Budsjett er alfa omega. Mange overdriv inntekta si men undervurderer forbruket sitt.

Han oppmodar folk til å setje opp eit budsjett ved å sjå i nettbanken kor mykje ein brukar på mat, transport og liknande. Ved å ha faste rammer på forbruket sitt er det enklare å nå målet om å kjøpe draumebustaden sin.

– Tenk på pensjon tidleg

Kvadsheim besøker Ørskog kommune i kveld for å snakke med innbyggjarane om korleis ein skal skaffe draumebustaden, og ikkje minst korleis ein faktisk skal klare å finansiere denne nye heimen. I tillegg skal han gi informasjon om pensjon.

– Det er viktig at ein startar å tenke på pensjon på eit tidleg tidspunkt, seier økonomen.

Mange syns det er vanskeleg å ta omsyn til pensjonen så tidleg, men ifølgje Kvadsheim bruker avisene å skrive om pensjon nesten annankvar helg, og det hjelp på å få dei unge til å interessere seg.

– Ikkje sett løna først

Kvadsheim seier også at arbeidstakarar må tenke på meir enn kor høg løna er når dei vel arbeidsplass.

– Vel ein arbeidsgjevar som har ei god pensjonsordning.

Det er Ørskog Sparebank som har invitert økonomen til temakveld om personleg økonomi med tema som bustadfinansiering, pensjon og bygging av eigen bustad.