Hopp til innhold

Slik kan pilotane setjast ut av spel

Luftfartstilsynet åtvarar igjen om at skarpt, grønt laserlys kan setje pilotane på passasjerfly ut av spel. Berre sist helg var det to episodar på Sunnmøre.

Blending av laserlys
Foto: Skjermdump frå Federal Aviation Administration

Luftfartstilsynet ser alvorleg på dei to episodane der pilotane på to passasjerfly blei blenda med kraftig laserlys på Sunnmøre i helga. Avdelingsdirektør Jørgen Ingebrigtsen seier dette må stoppast.

– Pilotane kan i verste fall miste synet. Det kan også føre til kortvarig bortfall av syn, som er viktig ved landing. Dette er svært alvorleg, seier Ingebrigtsen.

Les også:

Ingen konkrete tips

Politiet har førebels ikkje fått inn konkrete tips etter at pilotane på eit rutefly frå Krohn Air blei blenda av kraftig laserlys då det flaug over Stranda sentrum i går ettermiddag. Leiinga i Krohn Air seier Luftfartstilsynet blir varsla om saka.

– Vi har ingen konkrete tips. Det var ein som ringde i dag tidleg å snakka om at laserlyset kunne kome frå ein bil på Strandafjellet, men vi veit ikkje, seier operasjonsleiar Johan Arnt Overøye ved Sunnmøre politidistrikt.

Trur 12-åring lyste i Ulsteinvik

Også laurdag blei det lyst med laser mot eit fly over Ulsteinvik, og her trur politiet ein 12-åring står bak. Også der gjekk politiet ut og bad om tips, etter at ein pilot varsla laurdag at han blei blenda. Han var ifølgje politiet sint og opprørt over episoden.

Les meir:

Halvering av episodar frå 2010

Jørgen Ingebrigtsen

Avdelingsdirektør Jørgen Ingebrigtsen i Luftfartstilsynet seier pilotane i verste fall kan miset synet.

I 2012 registrerte Luftfartstilsynet 84 hendingar der folk brukte laserpennar mot fly i Noreg. Dette var langt færre episodar enn toppåret 2010, då det blei registrert nesten dobbelt så mange. Luftfartilsynet er fornøgde med nedgangen, men meiner talet likevel er alt for høgt.

– Vi vel å tru at det handlar om at folk ikkje veit kor farleg det er. Vi har ingen indikasjonar på at dette er organisert, seier Ingebrigtsen.

Blendar ferjeskipperar og bilistar

Men det er ikkje berre flypilotar som blir blenda. Både bilistar, ferjeskipperar og helikopterpilotar har blitt plaga av laser.

Les meir:

– Viktig å varsle

Avdelingsdirektør Jørgen Ingebrigtsen i Luftfartstilsynet seier det er viktig å varsle politiet om slike episodar.

– Dersom nokon ser at folk brukar laserpennar mot luftfartøy må dei snarast varsle politiet. Dette er handlingar som er alvorlege, og som må stoppast, seier Ingebrigtsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL