NRK Meny
Normal

Slik kan det nye regionkartet sjå ut

Ein sterk Vestlands-region kan få fart på næringsutvikling, samferdsle og utvikling. Det trur sju ordførarar frå Søre Sunnmøre og Sogn og Fjordane.

Regionkart

Med ein region-reform der ein erstattar dagens 19 fylkeskommunar med 9 regionar, kan det framtidige regionkartet i Noreg sjå slik ut, meiner dei sju ordførarane.

Regjeringa ønskjer å redusere dagens 19 fylke til 10 store regionar i framtida.

– Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre er ein naturleg ny region i reforma som no står for døra. Det meiner ordførarane i dei sju kommunane Hornindal, Eid, Volda, Vågsøy, Stryn, Ørsta og Selje.

No vil dei oppmode det politiske miljøet på Sunnmøre, i Sogn og Fjordane og i Hordaland om å samarbeide om å greie ut ein slik modell for framtidas Vestlands-region.

– Vi Sunnmøringar føler oss meir knytt til Vestlandet både når det gjeld kultur, språk og næringsliv. Difor er vi interessert i å sjå korleis ein kan kople saman Vestlandet på ulike måtar til ein stor og kraftig region, seier Jørgen Amdam, ordførar i Volda.

Ein sterk region

– Området Nordfjord-Sunnmøre er eit godt døme på at dagens fylkesgrenser har gått ut på dato, og at større regionar vil skape mykje betre høve for å utvikle ein felles bu- og arbeidsregion og gode, framtidsretta tenester for innbyggjarane, skriv dei sju i ei felles pressemelding.

Jørgen Amdam

Volda-ordførar Jørgen Amdam har trua på ein region med Søre-Sunnmøre, Sogn og Fjordane og Hordaland.

Foto: Trond Vestre / NRK

Amdam trur at Møre og Romsdal kan stå aleine dersom dei greier å halde saman. Han meiner likevel at det er viktig å undersøke andre moglegheiter.

– Det beste hadde vore dersom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane hadde gått saman. Då hadde vi blitt eit sterkt område mellom Trondheim og Bergen, seier han.

Amdam er redd for at Volda kan risikere å bli ein utkant i ein større region, og at dei då vil få enno mindre innverknad.

– Eg fryktar at dersom det skjer ei stor avskaling nordover så blir prosessar set i gang og vi vil få ei regionendring, seier han.

Vil stå saman med Sunnmøre

Stig Olav Lødemel, ordførar i Hornindal, er samd med Amdam. Han fortel at Sunnmøre og Nordfjord er område som dei samarbeida mykje med i dag, og at dei ønskjer å fjerne grensene som no finst mellom dei to regionane.

Stig Olav Lødemel

Stig Olav Lødemel, ordførar i Hornindal.

Foto: Trond Vestre / NRK

– I tillegg er vi uroa for at tyngdepunktet blir tungt i sør dersom det blir Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, seier han.

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) har eit sterkt ønske om å behalde dagens Møre og Romsdal, men har tidlegare sagt at han trur heile Møre og Romsdal vi trekke nordover og inn i ein Midt-Norge region dersom det må gjerast eit val.

– Det er ikkje han som bestemmer dette aleine, så vi får sjå kva utfallet blir. Vi har i alle fall prøvd å gjere til kjenne vårt syn, seier han.

Tek initiativ til eit møte

Dei sju kommunane meiner også at ein slik region kan ta på seg betydeleg større oppgåver enn dagens fylkeskommunar. Til dømes kan fagskule, høgskule og eit heilskapleg ansvar for veg og næringsutvikling vere moglege nye oppgåver for dei nye regionane. Det vil også vere eit stort steg framover for å skape vekst og utvikling, trur dei.

Jon Aasen

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) har eit sterkt ønske om å behalde dagens Møre og Romsdal, men har tidlegare sagt at han trur heile Møre og Romsdal vi trekke nordover og inn i ein Midt-Norge region dersom det må gjerast eit val.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Torsdag 14. april har kommunane invitert alle kommunar som vil til eit fellesmøte om denne saka på Høgskulen i Volda.

– Problemet er at det i utgangspunktet er Fylkeskommunen som skal ta initiativ til slike forhandlingar. Vi ønskjer ein debatt der vi kan sjå på regionstrukturen på ein ny måte. I tillegg vil vi prøve å få til ein diskusjon om denne saka i Sunnmøre regionråd, seier Amdam.

Volda-ordføraren trur det vil ha fleire fordelar å bli ein del av ein større region med Sogn og Fjordane og Hordaland.

– Eg trur at Søre Sunnmøre og Sogn og Fjordane kan vere ei tydeleg motvekt til Bergen, og ein motpol mot bergensdominansen i Hordaland. Eg trur at vi saman kan jobbe for å utvikle denne regionen i ei positiv retning, seier han.