På gardstunet til entreprenøren frå Stranda er det julestemning. Dagleg leiar i Stranda anleggsservice fann ut at han ville pynte litt ekstra i år, og har difor gått laus på gravemaskina si.
– Vi har trekt lyslenka rundt konturane av gravemaskina, seier Sverre Jan Rønneberg. Til saman har han brukt 45 meter med lys på den 22 tonn tunge maskina.
Det var nettstaden til Anlegg og Transport som først skreiv historia.
Har du råd til at ei gravemaskin skal stå stille for å skape julestemning i bygda?
– Dette er mi private gravemaskin som eg har heime på garden. Den blir lite brukt no uansett, så då gjer det ingenting at ho blir ståande desse siste dagane før jul, seier Rønneberg.
Han meiner andre yrkesgrupper kan gjere liknande stunt.
– Men ein må ha moglegheit til at remediet du pyntar kan stå stille. Det er mykje som skal klaffe, seier entreprenøren.
Har du ei kreativ julebelysning heime hos deg, send gjerne bilete til NRK Møre og Romsdal på mr@nrk.no
Slik ser den lysande gravemaskina ut på avstand.
Foto: Dagfinn Johansen