Slik held du den perfekte konfirmasjonstalen

Konfirmasjonen nærmar seg med stormskritt. Kanskje det er greitt å skrive talen allereie no? Her kan du plukke opp gode tips.

Mariann Schjeide

Skal du halde tale i konfirmasjon i år? Mariann Schjeide ved biblioteket i Ålesund har gode råd på vegen.

Foto: Maria Vevang

I april/mai månad er det mange stressa foreldre rundt i vårt langstrakte land. I ein serie frå NRK kan du få nokre tips til konfirmasjonen.

Denne gongen tar vi for oss talane. Folk er ulik når det kjem til å halde tale.

Under ser du dei andre nettartiklane knytt til konfirmasjonsforberedelsar.

Del 1: Kva er ein konfirmasjon? Og kva skal ein velje..
Del 2: Korleis få den perfekte bunaden
Del 3: Få ein vellykka konfirmasjonsfest

Nokre elskar å snakke for mange menneske. Andre får skikkeleg klump i magen og blir klam berre av tanken.

Difor er det greitt å få tips om kva ein bør bygge konfirmasjonstalen på.

– Ungdommane gleder jo seg til resten av livet. Ta tak i det. Gi dei nokre verdiar som kan vere ein plattform, seier Mariann Schjeide.

Konfirmasjonstalen er den mest rørande meiner ho.

– Dei står på ein plattform når dei går gjennom konfirmasjonen. Dei skal ut. Tenk på kva som ligg framfor dei, seier Schjeide.

Fem enkle tips frå Schjeide:

Konfirmasjonsbøker

Pass på: Unngå direkte avskrift og kleine rim.

Foto: Maria Vevang
  • Det er viktig å forberede seg godt
  • Ikkje kom med digresjonar undervegs
  • Ikkje «sipp» – det blir kleint for konfirmanten.
  • Ein tale bør sjeldan vare lengre enn fem minutt
  • Reis deg opp for å halde talen

Du finn og gode råd og tips i bøker på biblioteket og på ulike nettstader som konfirmasjonsdagen, konfirmasjonstaler, sangerogtaler.no er utvalet stort.

– Songar om vår funkar bra til konfirmasjon. For eksempel «No livnar det i lundar», seier biblioteksjefen.

Kleine og grufulle rim

Likevel... Sjølv om der finst mange gode råd, bør du ikkje følge alt slavisk. Det er fleire som kjem innom biblioteket for å dra med seg noko ferdigskrive i full fart.

– Dei tenker «dette kan vi komme godt unna med» og ser på grufulle rim og pinlege bilete, seier Schjeide som åtvarar mot rein kopiering.

Skal takke

Åshild og Sandra

Mamma Åshild Slinning og konfirmanten Sandra Slinning Hasselø førebur seg til den store dagen.

Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

Det er mange som ventar at konfirmanten held tale på den store dagen.

Sandra Slinning Hasselø er mellom mange som er konfirmant i år og har planar om å halde ein tale.

– Eg grur meg veldig til å halde tale i min egen konfirmasjon, men eg trur det blir ein veldig kjekk dag, seier ho.

Talen har ho ikkje begynt på enda. Likevel har ho nokre punkt som ho veit skal vere med i talen:

  • Takke alle som kom
  • Takke dei som reiste langt
  • Takke for alle gåvene

Diktet hjalp mamma

I fjor heldt søstera hennar, Stine, ein lang tale ho hadde skrive sjølv i sin eigen konfirmasjon. Mamma Åshild Slinning seier at det ikkje ligg for alle å halde tale.

Under Stine sin konfirmasjon las ho opp eit dikt. Ho har trua på at også Sandra kjem til å klare talen heilt fint.

– Ja, eg har høyrt henne tale mellom anna på skulen. Ho grur seg nok litt på førehand, men når ho er i gang går det veldig bra, seier Slinning.