Hopp til innhold

– Fjellet beveger seg 1,5 cm kvart døgn

RAUMA (NRK): Snø gjer det vanskelegare å tolke målingane frå bevegelsane i fjellpartiet ved Mannen.

Mannen 29.10 med snø på toppen

Mannen er framleis i bevegelse, men geolog Lars Harald Blikra kan ikkje gi noko svar på når fjellmassane kjem til å rase.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Lars Harald Blikra

Geolog Lars Harald Blikra er no meir usikker på når skredet kjem til å gå. Han understreker at vi har med natur å gjere.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Nattas målingar viser at fjellet framleis beveger seg, men vêrskiftet har gitt geologane eit par ekstra utfordringar.

– Vi har hatt ein del utfordringar med målingane etter at snøen kom. Men det vi ser er at det framleis er bevegelsar i fjellet, fortel geolog Lars Harald Blikra på pressekonferansen torsdag morgon.

Tysdag trudde gelogane at det ustabile fjellpartiet ved Mannen i Rauma skulle rase ut i løpet av kvelden, men rørslene stabiliserte seg og ingenting skjedde.

– Det er fjellet sjølv som bestemmer når det kjem, seier Blikra.

Frysetemperaturane kan gjere at fjellet stabiliserer seg. Snøen fører også til støy på måleinstumenta og gjer det vanskelegare for geologane å tolke målingane.

Lågare aktivitet

Fjellet beveger seg om lag 1,5 cm per døgn. Mannen er ikkje i like stor aktivitet som det har vore tidlegare denne veka, men det er ingen tvil om at fjellet kjem til å falle.

Lensmann Andreas Hustad i Rauma

Lensmann i Rauma, Andreas Hustad.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Politiet held difor beredskapen oppe på same nivå som før, men elles vil kommunen trappe ned.

– Vi kjem til å vurdere situasjonen heile tida, men slik som det er no har vi politi på staden, fortel lensmann Andreas Hustad.

Han er ikkje sikker på kor lang tid dei kjem til å ha same beredskap.

– Det vil bli så lenge geologane meiner det er behov for det.

Det er ikkje berre i fjellet Mannen at aktiviteten har gått ned. Også elles i kommunen er det færre folk, og ifølgje ordføraren er dette den siste pressekonferansen.

Full konsentrasjon på fjellet

Framover vil geologane halde fram med å følge fjellet tett. Åknes Tafjord Beredskap kjem til å fokusere mest på overvaking og analyse av dei dataene dei klarer å hente inn.

Pressekonferanse om Mannen

Sjå pressekonferansen frå 30. oktober i opptak.

Direkte: Bilder fra fjellet Mannen.
Ventetida blir lang for dei som ventar på at skredet frå fjellet Mannen skal gå.
I dag møtte justisminister Anders Anundsen dei evakuerte i Romsdalen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL