Slik har du ikkje sett stortingsrepresentanten før

Stortingsrepresentant Else-May Botten tek ikkje heilt fri når ho reiser heim på ferie. I dag arrangerte ho sin eigen julekonsert.

Stortingsrepresentant Else-May Botten reiser heim til jul - for sjølv å synge på sin eigen julekonsert.

I den lokale kyrkja Otnes i Valsøyfjord på Nordmøre song stortingsrepresentant Else-May Botten jula inn søndag ettermiddag.

Botten som kanskje er mest kjend for folk flest som stortingsrepresentant og folkevalde, har også ei mindre kjent side som songar. Ho har blant anna gått på musikklinja i Kristiansund, vore musikklærar og spelt i ei rekke band.

Stortingsrepresentanten hadde gitt julekonserten det passande namnet: «Heim til jul».

Kan bli ein tradisjon

Ei fullsett kyrkje hadde møtt opp for å høyre både gamle og nye julesongar, og for å få med seg nokre gode ord inn i julehøytida.

Else-May Botten

Stortingsrepresentant Else-May Botten arrangerte julekonsert på heimstaden sin i Halsa.

Foto: roar strøm / nrk

Botten var akkompagnert av Kjetil Bjerkestrand på piano og orgel, medan biskop Ingeborg Midtømme førte an samtalen i løpet av konserten.

Botten og biskopen hadde blant anna ein diskusjon om barnetru inne mellom songane.

Ideen kom då Botten feira førtiårs dagen sin tidlegare i år.

– Eg feira bursdagen min i kyrkja, og der var også biskopen. Då kom vi i snakk og blei einige om å arrangere ein julekonsert, seier Botten.

Ho ser ikkje vekk ifrå at julekonserten kan bli ein tradisjon.

Avslutta med allsang

Den stemningsfulle konserten inneheld blant anna songane «Mitt hjarte alltid vankar,» «Home for christmas» og «O holy night». Til slutt avslutta konserten med allsong til «Deilig er jorda».

Det var ein blid stortingsrepresentant som til slutt takka publikum.

– Tusen takk for at dykk kom alle saman, dette har vore kjempekjekt, seier Botten.

Julekonsert

Mange hadde møtt opp for å få med seg julekonserten i Otnes Kyrkje.

Foto: roar strøm / nrk

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.