NRK Meny
Normal

Slik har du ikkje sett frelsessoldaten ved gryta før

KRISTIANSUND (NRK): Det går heftig føre seg når frelsessoldat Magne Berg slår seg laus ved julegryta. Latinamerikanske jule-rytmar får folk til å bla opp til trengande.

Du er kanskje blant millionen som har sett mannen som dansar for kona medan han stryk julegardinene. Ja, dette er same mannen. Dansaren heiter Magne Berg og er frelsessoldat i Kristiansund.

I dag hadde han bevega seg vekk frå strykebrettet heime i stova og ut til julegryta på kjøpesenteret Futura i Kristiansund. Like innanfor inngangen til kjøpesenteret, der julegryta brukar å vere kvart einaste år, klang den kjende julesongen «Feliz navidad» med José Feliciano.

– Eg har blitt oppmoda av fleire om å gjere dette. Og eg har grubla litt over kor god idéen er. No står eg her og er veldig nervøs, sa Magne Berg like før han kasta seg uti det.

Mykje folk hadde samla seg rundt gryta. Alle stoppa opp litt ekstra, ikkje berre for å legge ei krone eller femti i gryta, men også for å få med seg dansen.

– Eg har eigentleg ikkje så lett for å kaste meg ut i slike ting. Men då eg såg responsen på strykejern-dansen då tenkte eg at dette er kjempeartig. Så no tek eg utfordringa, sa Magne Berg og gjekk på dansegolvet.

Han koplar lett julebodskapen til humoren og gleda som ligg i opptrinnet.

– Det er glede. Og det skaper noko for mange.

Og jubelen let ikkje vente på seg på kjøpesenteret i Kristiansund. Folk klappa i takt då Magne Berg sette i gang. Og gryta blei kanskje raskare full denne dagen enn elles. Det var heilt tydeleg at frelsessoldaten har hatt ein god lærar. Og mistanken går til kona, som er frå Latin-Amerika.

– Eg er så fornøgd og eg er så sliten. Dette er trim. Og det blei kanskje ein litt lenger sekvens enn avtalt. Kona slo jo aldri av musikken, humrar Berg.

– Er kona fornøgd også?

Ja, veldig. Dette blei kjempebra, skrattar ho også. Det er ho som har ansvaret for både musikk og videoopptak.

Og her kan du også kose deg med stryke-dansen til Magne Berg.