Hopp til innhold

Slik har du aldri sett Trollstigen

Bli med opp den fasinerande Trollstigen når ingen turistar er der. Like før snøen tok heilt over området var vi på tur, på eige ansvar...

Journalist Pål Kristian Lindseth tar oss med opp i Trollstigen
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Her kan du sjå turen opp Trollstigen.

Pål Kristian Lindseth

Pål Kristian Lindseth har laga programmet som viser Trollstigen frå ei uvanleg side.

Foto: Tor Sivertstøl / NRK

Pål Kristian Lindseth er journalist ved NRK sitt distriktskontor i Ålesund. Tor Sivertstøl er fotograf ved kontoret, og han er for mange kjent for å stå bak dei vakre bilda i NRK-serien ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”.

Saman har dei laga programmet som viser Trollstigen på ei tid av året da dei fleste av oss ikkje har tilgang til naturopplevinga.

På eige ansvar

Statens vegvesen lot programskaparane Pål Kristian Lindseth (journalist), og Tor Sivertstøl (fotograf), frå NRK Møre og Romsdal, på eige ansvar ferdast i dei elleve svingane frå dalbotnen i Isterdalen og opp på Stigøra, som er namnet på toppunktet.

Ferda startar ved Trollveggen i Romsdal. Framkomstmiddelet er ein 1966 –modell Volvo Duett. På vegen opp møter vi menneskjer som alle har eit forhold til denne vegen.

Volvo Duett 66 i Trollstigen

Volvo Duett 66 i Trollstigen.

Foto: Tor Sivertstøl / NRK

Turen var i november, og det var aller siste sjanse til å ta turen før snøen tok over området for fullt. No er det ikkje mogleg å kome seg opp og det hadde langt ifrå vore trygt.

Kun to veker før Lindseth og Sivertstøl var på tur gjekk det eit stort steinras i området.

Basehopparar kjem flygande

Basehopparar frå heile verda nyttar dette området året rundt. Ingen annan stad kjem skodelystne så nær utøvinga av denne sporten.

Hopparane passerer nemleg vegen med berre nokre meters klaring, etter å ha kasta seg ut frå fjelltoppen Bispen. Vi møter ein av dei som først gjorde dette vågestykket i programmet.

Moderne rallarar svevar

Vi får også møte moderne rallarar som driv himmelsvevande verksemd. Dei fullfører Statens vegvesen sitt mål om å gjere naturopplevinga i Trollstigen enno sterkare. Med stor respekt for det kollegaer i tidlegare tider gjorde når dei bygde vegen, arbeider dei mellom anna med utsiktpunkt som tar pusten frå dei fleste.

«Der ingen skulle tru»

Pål Kristian Lindseth er journalist ved NRK sitt distriktskontor i Ålesund. Tor Sivertstøl er fotograf ved kontoret, og han er for mange kjent for å stå bak dei vakre bilda i NRK-serien ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”. Saman har dei laga programmet som viser Trollstigen på ei tid av året da dei fleste av oss ikkje har tilgang til naturopplevinga.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL