Hopp til innhold

Nedbemanning, omstilling og avslutta vikariat

Arbeidet med nedskjeringane i Helse Møre og Romsdal har gått for fullt i heile sommar. Mens andre har hatt ferie har det vore over 70 ulike møte for å planlegge nedbemanning, kutt, omstilling og privatisering.

Nils Kvernmo

Administrerande direktør Nils Kvernmo har trekt i trådane for å få gjennom styrevedtaket om kutt ute i dei forskjellige klinikkane i Helse Møre og Romsdal. I dag oppsummerer styret kor vellukka arbeidet har vore, og legg samstundes ein plan for yttarlegare innsparingar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Mens ferietida nærma seg for dei fleste av oss, banka styret i Helse Møre og Romsdal gjennom lista over kutt i føretaket like før jonsok. Etter ein intens sommar får vi i dag vite om føretaket har kome i mål.

– Det har vore eit stort oppdrag med kort tidsfrist, og klinikkane har hatt ulike måtar å løyse oppgåva på. Nokre har basert tiltaka på betre utjamning av variasjon, medan andre har lagt til grunn eit dugnadsprinsipp, heiter det i dokumenta til dagens styremøte.

Bunadsgeriljaen demonstrerer i lobbyen ved styremøte i Helse Møre og Romsdal

Bunadsgeriljaen sette eit preg på styremøtet i Helse Møre og Romsdal i juni. Men det er ikkje berre fødeavdelingane som blir råka av nedskjeringar. No blir det planlagt kutt tilsvarande 130 årsverk i heile Helse Møre og Romsdal.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Kuttar tilsvarande 130 årsverk

Prinsippa for kutta blei lagt på styremøtet den 12. juni. Styret la detaljarbeidet i hendene på klinikksjefane og peika ut omfanget av nedskjeringane slik:

  • Sentral stab skal kutte tilsvarande 6,4 årsverk
  • Klinikk for akuttbehandling tilsvarande 31,4 årsverk
  • Klinikk for diagnostikk skal kutte tilsvarande 7,3 årsverk
  • Klinikk for drift og eigedom tilsvarande 4,5 årsverk
  • Klinikk for kirurgi tilsvarande 28,3 årsverk
  • Klinikk for kvinner, barn og ungdom 13,5 årsverk
  • Klinikk for medisin og rehabilitering tilsvarande 20,5 årsverk
  • Klinikk for psykisk helse og rus tilsvarande 18,1 årsverk

Her kan du følgje dagens styremøte i Helse Møre og Romsdal.

Bort med vikarar og kutt i stillingar

Møteplanen i Helse Møre og Romsdal gjev eit innblikk i korleis dette har vore handtert på dei forskjellige klinikkane. Overskriftene på dei over 70 møta viser at det har vore alt frå reine idé- og gruppemøte, til møte der vikariat er blitt avslutta og tal på stillingar har blitt kutta.

Sengeposten Medisin 1, Ålesund sjukehus

Sengepost på Medisin 1 i Ålesund.

Foto: Remi Sagen / NRK

Slår saman sengepostar

Frå 20. juni til 20. august har til dømes Klinikk for kirurgi hatt ni møte. Klinikken skal kutte tilsvarande 28,3 årsverk av dei 527,1 årsverka klinikken har i dag.

Den 28. juni informerte klinikksjefen leiarane på kirurgisk ved Kristiansund sjukehus om at sengepostane skal slåast saman. Målet er å få ned lønskostnadene.

Gjennom ni tiltak ønskjer klinikkleiinga å kome i mål med omstillingane. Eit av måla er å redusere forskjellane i liggetid og beleggsprosent ved dei ulike sjukehusa.

I Ålesund og i Molde går det føre seg eit arbeid for å redusere talet på senger. 21. juni var det møte på avdelingane for sengepostar, poliklinikk og dagkirurgi i Ålesund og Volda.

Klinikken endrar også tenesteplanen og arbeidstida for nokre av legane.

3. juli var det drøftingsmøte i avdeling for sengepostar, poliklinikk og dagkirurgi i Kristiansund og Molde. Temaet var avslutning av fleire vikariat.

Aure rehabiliteringssenter

Situasjonen for Aure rehabiliteringssenter har svinga gjennom året. Då blei eit lokal selskap stifta for å ta over drifta. Men frå å vere nedleggingstruga signaliserte Helse Møre og Romsdal ønskje om å drive vidare i eigen regi. No reiser imidlertid Helse Møre og Romsdal ei ny sak der dei vil sjå på ei ny organisering av rehabiliteringsområdet.

Foto: Terje Reite / NRK

Hjarterehabilitering og endring i Aure

Klinikk for medisin og rehabilitering har ifølgje dette oversynet hatt 23 møte, med alt frå gruppearbeid og idédugnader til møte om konkrete nedskjeringar og omleggingar. I denne klinikken har folk fått informasjon i formelle møte om at arbeidskvardagen blir endra. Det har vore møte der tillitsvalde, verneombod, fysioterapeutar, ergoterapeutar og leiarar på ymse nivå har delteke.

Gjennom ei Facebookgruppe blei det tidleg kjent at det blir reduksjonar i hjarterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus, og at nivået for behandlinga skal ned på same nivå som på St.Olavs hospital og ved andre sjukehus. Dette er no stadfesta gjennom sakspapira til dagens styremøte.

Hjartetrim ved Ålesund sjukehus

I protest mot reduksjonar ved hjarterehabiliteringa i Ålesund blei det i sommar arrangert hjartetrim på sjukehusområdet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Klinikkleiinga legg også opp til endringar i tenesteplan og reduksjon i arbeidstida for legar, i tillegg til reduksjon av overtid og løn i samband med felles sengepost for medisin og kirurgi i Kristiansund.

I møteplanen framgår det også at det blir nye turnusar ved Aure rehabilitering og at ei stilling ved senteret skal vekk.

Omleggingar i rehabiliteringstenesta kjem dessutan opp som eiga sak på styremøtet. Forslaget går ut på at sentra på Mork, i Aure og ved Ålesund sjukehus skal sjåast under eitt. Det kan bli aktuelt å inngå eit samarbeid med kommunane for drifta ved Aure rehabilitering og på Mork i Volda.

Kritisk blikk på ressursbruk

Klinikk for akuttbehandling har til saman 911,2 årsverk. No skal dette talet reduserast med 31,4 årsverk.

I møtekalenderen for sommaren står klinikken oppført med 16 møte. 10. juni informerte klinikksjefen seksjonsleiarane om at det skal takast ut to stillingar ved intensivavdelinga i Molde.

Fleire av møta med tillitsvalde og verneombod har handla om nedbemanning.

– I arbeidet med tiltak har klinikken i hovudsak sett på variasjonar i aktivitet knytt til ressursbruk, heiter det i styredokumenta.

Klinikken legg opp til kostnadsreduksjon i ambulanseverksemda, akuttmottak og intensiv i Molde og intensiv i Kristiansund. Dei planlegg også å fjerne eit årsverk på ambulanseflyet og 1,5 årsverk på anestesilege i Kristiansund i tillegg til eit halvt årsverk som lege i Volda.

Et ambulansefly fra selskapet Lufttransport på Ålesund lufthavn Vigra.

Ambulanseflyet misser eit årsverk i samband med innsparingane i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

Auka aktivitet på diagnostikk

Klinikken for diagnostikk legg opp til auka aktivitet.

– Auken er viktig for at andre klinikkar skal klare sine eigne omstillingsvedtak, heiter det i styredokumenta.

Klinikken har planar om å auke aktiviteten innan radiologi i Ålesund og Volda, og skal auke effektiviteten innan måling av beintettheit. Nokre stillingar kjem til å stå ledige medan tilsette er lånt ut til å arbeide med Helseplattformen.

Reduksjonar i psykisk helse og rusomsorg

Også klinikken for psykisk helse og rus skal redusere kostnadene. 18,1 årsverk av dei 776,5 årsverka skal bort.

– Ein stor del blir tatt i sentrale stab- og støttefunksjonar ute i klinikken, heiter det i styredokumenta.

Deler av kostnadsreduksjonane skal takast på dei distriktspsykiatriske sentra på Knausen i Molde og Nordlandet i Kristiansund. Bakgrunnen er å jamne ut variasjon i liggetid mellom dei ulike institusjonane i fylket.

I sommar blei sengeposten ved distikspsykiatrisk senter på Sjøholt lagt ned. Noko av drifta er overført til Vegsund og dei ambulante tenestene skal vere styrka.

Voksenpsykiatrisk avdeling

Også psykiatrien skal gjennomgå endringar som følgje av dei økonomiske vanskane i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

Kvinner, barn og ungdom

Klinikk for kvinner, barn og ungdom har 435,1 årsverk og skal redusere med 13,5. I sommar har klinikken gjennomført 6 møte der temaet har vore omstilling. Til no er det sett opp tiltak som tilsvarar 9,3 årsverk.

– Klinikken har mange tiltak og ein har søkt å skjerme psykisk helsevern i størst mogleg grad, i tråd med den gyldne regel, heiter det i styredokumenta.

Fødeavdelingane i Kristiansund og Molde har hatt vekselvis stengt i sommar på same måte som tidlegare år. Styret vedtok på eit tidlegare møte at Kristiansund-avdelinga ikkje skulle opnast att etter sommarstenginga. Dette gjekk styret seinare bort frå, og saka om samanslåing er sett på vent.

.

Fødeavdeling Kristiansund

Samanslåinga av fødeavdelingane i Molde og Kristiansund er førebels sett på vent. Klinikken kvinner, barn og ungdom skal redusere drifta tilsvarande 9,3 årsverk.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Stab, drift og eigedom reduserer også

Staben, eller administrasjonen i Helse Møre og Romsdal har til saman 125,7 årsverk. Dei skal redusere tilsvarande 6,4.

– I samband med innføringsprosjektet av Helseplattformen , vil staben avsjå ressursar til prosjektet som bidrag til å redusere talet på årsverk i staben, heiter det i styredokumenta.

Administrasjonen skal vere i mål med sin del av reduksjonane.

Klinikken for drift og eigedom har til saman 275,6 årsverk og skal redusere med 4,5. Også her skal ein vere komne i mål med sparetiltaka.

Frå før er det kjent at eit privat selskap tek over reinhaldstenester i Molde og Kristiansund frå oktober i år.