Hopp til innhold

– Plukk plast i påska

Kva med å arrangere søppelbingo eller prøve deg på taco av restar av påskelammet? Små grep du kan gjere i påska for å gjere den litt meir miljøvenleg.

Plastpiratane Plastpiratene Randi Kjærstad Hagerup og Beate Amalie Kjerstad

PLUKK PLAST I PÅSKA: Randi Kjærstad Hagerup og Beate Amalie Kjerstad starta i 2017 «plastpiratane». Formålet er å rydde havet for plast. Ein fin aktivitet å gjere i påska.

Foto: Terje Reite / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Her er nokre enkle tips til aktivitetar i påska, som også bidreg til at miljøavtrykket blir litt mindre.

Søppelbingo

I 2017 var det mange som var med på den storstilte aksjonen, fjerne plast frå havet, og Randi Kjærstad Hagerup, som var ein av initiativtakarane til plastpiratane, opplever at folk framleis er engasjert i arbeidet.

– Eg trur temaet er oppe såpass ofte, at folk er flinke til å gå ut å plukke plast. Litt om gangen er bra nok, ein treng ikkje fylle ti søppelsekkar kvar gong for å ha gjort noko bra, seier Hagerup.

Ein tur i fjøra eller i skogen kan kombinerast med ein søppelbingo.

Forslag til korleis ein søppelbingo ser ut

SØPPELBINGO: Miljøagentane har laga eit døme på korleis ein søppelbingo ser ut. Her kan ein teikne inn flasker, snusboks, plastpose, knust flaske, leike, pappkartong osv.

Foto: Skjermdump: miljøagentane

– Då kan du lage eit bingoark med forskjellige plastobjekt på, til dømes ei flaske, ein isoporbit osv., så er det om og gjere å finne gjenstandane for å få bingo, seier Hagerup.

Søppelet du finn kan du ta med deg heim og kaste.

Smågodt gir mindre plastemballasje

Natur og ungdom anbefaler å kjøpe godteri i lausvekt.

– Då unngår du masse emballasje, samstundes er det viktig å tenke på kor mykje du kjøper, slik ein ikkje endar opp med å kaste noko, seier, Belinda Parler i Natur og Ungdom.

Smågodt

SMÅGODT: ikkje kjøp godteri over evne, så unngår du å kaste.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Lammetaco

– I Noreg har vi lange tradisjonar med bruk av restemat i historia, men med travle kvardagar ser vi dette forsvinn litt, seier kokk Ole Christian Sivertstøl.

Sivertstøl jobbar til dagleg på Kokk`n roll i Ulsteinvik på Sunnmøre. Dei fokuserer på matsvinn, og vil vise korleis ein kan lage mat av varer som mange heller vil kaste.

– Mange et lammelår i påska, og av restane kan ein prøve seg på ein lammetaco, seier han.

Ver kreativ

Han anbefaler at du planlegg kva du skal lage av mat i påska, slik du ikkje ender opp med å kaste mat. Av all maten du har til overs, kan du lage ein påskebuffé for heile familien.

– Skrell frå rotgrønsaker som gulrot, selleri og pastinakk kan ein fritere og lage nydeleg chips utav, i tillegg er det smakfullt og næringsrikt snacks, seier Sivertstøl.

Det er eit hav av rettar ein kan putte restar i, her er det berre kreativiteten som sett grenser.

Påskelammet kan ein ha på skiva etterpå

RESTAR: Det ein har att frå påskelammet, kan ein bruke som pålegg.

Foto: Kokk`n Roll

– Taco, omelett og lapskaus er supre rettar å bruke restar til. Grønsaker kan ein sylte. Restar av mjølk, yoghurt og rømme kan ein bruke til vaflar, sveler eller pannekaker. Havregraut er også utmerka til å bruke i vaflar.

Det er viktig å oppbevare maten riktig, slik den held seg lengre. Rydd kjøleskapet slik du har oversikt over kva som er der.