Hopp til innhold

Slik gjekk det då Harald fekk DAB-hjelp

Harald Kåre Hannasvik bur i Kristiansund og slit med DAB-dekning. I dag skulle han få hjelp i verdsklasse då DAB-teamet kom heim til han. Men ikkje ein gong ekspertar kan trylle.

Harald Kåre Hannasvik fekk DAB-hjelp

Harald Kåre Hannasvik (midten) fekk eit DAB hjelpeteam heim hos seg, som hjalp han med radioen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Onsdag klokka 11.11 vart sendingane frå NRK flytta til DAB-nettet i Møre og Romsdal og Trøndelag og dermed kan ikkje folk bruke FM-radioen sin for å høyre på NRK.

Den viktigaste grunnen til overgangen er at radiotilbodet skal bli breiare og mangfoldet større for heile landet. I tillegg til at alt du har hatt før, får lyttarane mange nye tilbod med 25 kanalar til saman.

Harald Kåre Hannasvik bur i ei leilegheit i Kristiansund og har DAB-radioen ståande på kjøkkenbenken. Helst høyrer han på P1+, men stadig opplever han at sendingane plutseleg ramlar ut. I dag fekk han besøk av eit ambulerande team, som drar rundt og sjekkar dekninga.

Sjekkar dekningskartet

Det første Jon Arne Sviggum i hjelpeteamet gjer, er å gå inn på dekningsskartet på nettstaden radio.no.

– Det skal vere meget god dekning her hos Harald, både på NRK og på dei kommersielle kanalane, seier Sviggum etter å ha sett på kartet.

Kollegaen Hans Petter Danielsen har med seg eit måleinstrument for å sjekke signalet. I dette tilfellet viser instrumentet at signalet er meget godt.

– Vi lener oss ikkje berre på måleintrumentet, men vi lytter på vanleg radio for å sjekke dekninga, seier Pettersen. I sjeldne tilfelle oppdagar dei at kartet kikkje stemmer med terrenget.

Oppdaterer kanallista

Likevel dett Harald sin radio ut. Danielsen sitt tips er å då sjekke at radioen er stilt inn riktig og oppdaterer kanallista. På DAB kan ein fylle kvar frekvens med mange kanalar. For å vere sikker på at ein har fått med seg dei siste endringane, bør ein med jamne mellomrom ta ei slik oppdatering.

Tar ein med radioen heimanifrå til hytta, er det lurt å oppdatere lista.

– Eg er ikkje så optimistisk på at det kan hjelpe på Harald sitt problem med at radioen koplar seg ut, seier Danielsen.

Kan feilen ligge i radioen?

Etterkvart som han har sjekka veks mistenken om at feilen ligg i sjølve radioen.

Hjelpeteamet sjekkar menyen på sida av radioen, som viser signalstyrken. Der er det ei rekkje tal som plutseleg går i null under sendinga.

– Det betyr at radioen til Harald har ein feil. Det er ikkje så mykje anna å gjere enn å gå til forhandlar og be dei rette feilen, seier Danielsen.

Men NRK-reporter Eirik Haukenes var framsynt nok til å ta med ein ny DAB+-radio, og denne fekk Harald Kåre Hannasvik.