Hopp til innhold

– Støtta frå lokalpolitikarane var heilt avgjerande

Eggesbønes (NRK): – Engasjementet frå ordføraren var nesten like viktig som pengestøtta i oppstartsfasen. Det seier ein av dei mest suksessrike gründarane i Noreg, Gry Cecilie Sydhagen.

Gry Cecilie Sydhagen

Gry Cecilie Sydhagen etablerte suksessbedrifta Metizoft i 2006. Tre år seinare blei ho kåra til årets grunderkvinne i Noreg. I dag fortel ho kor viktig ein god næringspolitikk er for å hjelpe grunderande gjennom den viktige startfasen.

Foto: Per Eide / Metizoft pressefoto

Vallogo

Rett nok var det barnehageplass som blei avgjerande då ho la suksessbedrifta Metizoft til Herøy. Men då det valet var teke, var det engasjementet frå den lokale politiske leiinga som medverka til at bedrifta slo rot i nettopp i denne kommunen.

Som så mange andre gründerbedrifter starta også Metiz Data som ein god idé heime på kjøkenet. Med utdanning frå Høgskulen i Molde, men utan jobb, måtte Gry Cecilie Sydhagen rett og slett finne noko å gjere. Løysinga blei å starte eiga bedrift.

I dag er Metizoft verdsleiande på dataløysingar for maritime bedrifter som treng å halde oversikt over miljøkrav og kva stoff og innretningar som faktisk fins på farty og bedrifter. I 2009 vart Gry Cecilie Sydhagen kåra til Årets gründerkvinne av Innovasjon Noreg. No hyllar ho det lokale næringslivet og støtta frå lokalpolitikarane for mykje av suksessen.

– For oss var det viktig å ha eit aktivt og engasjert næringsliv. Slik er det i Herøy kommune. Det er mange som får til mykje her. Og her er ei politisk leiing her som er svært engasjert. Berre det at dei ringjer og høyrer korleis det går, og viser at det er viktig at det går bra med oss var ein god inspirasjon og avgjerande for meg som nyetablerar, seier ho.

Direktesendt valgprogram med Atle Bjurstrøm og Verdens Rikeste Land.

Sjå direktesendinga frå Ålesund måndag kveld klokka 21.30. Her handlar det om gründerar, nyetablererarar og næringspolitikki.

Sydhagen legg vekt på den starthjelpa ein kommune kan gje. Det er mykje å setje seg inn i og mange feller ein kan gå i. Då kan ein engasjert representant i kommunen vere god å snakke med.

Eg oppsøkte kommunen aktivt. Det var godt å få råd, og det var godt å ha nokon å lufte idéar med. Det var mykje som var nytt for meg då eg skulle ta spranget.

– Og det var svært for meg å oppleve at andre næringslivsleiarar la merke til at det hadde kome ei ny bedrift, og at dei sette pris det.

Det var viktig at den lokale politiske leiinga var svært engasjert.

Gry Cecilie Sydhagen

Bedrifta ligg på Eggesbønes i Herøy, midt i den verdsleiande maritime klynga. Frå kontorvindauga kan ho sjå rett på fiskefarty som ligg ved kaiene. Ho har eit offshore-reiarlag som næraste nabo. Reiar-byen Fosnavåg ligg få minutt unna, og på ein halvtime er ho i senteret for skipsbygging i Noreg, Ulstein.

Sjølv kjem ho frå Tjørvåg, i Herøy. Frå gamalt av har denne delen av Herøy hatt nær tilknytning til nabokommunen Ulstein. Og med den framoverlente verftsindustrien der kunne bedrifta like gjerne ha hamna i Ulstein som i Herøy. Då var faktisk barnehageplassen i Herøy avgjerande for at det nettopp blei i Herøy ho valde å etablere seg.

Bedrifta skulle flytte ut av garasjeloftet, og det var viktig for meg å etablere meg i ein kommune som det var litt «spirit» i. Slik sett kunne bedrifta like gjerne ha hamna i Ulstein. Men barnehageplassen til barna mine blei avgjerande. Så eg fann faktisk kontor som passa bra med den vegen eg skulle køyre barna til barnehage.

Barnehageplassen var avgjerande for kvar eg etablerte bedrifta. Deretter var det kommunale engasjementet viktig.

Gry Cecilie Sydhagen

Men når valet om lokalisering først var teke, var engasjementet frå kommunen god å ha. Og for bedrifta, i ein oppstartingsfase, har Innovasjon Noreg betydd svært mykje. Ho kallar Innovasjon Noreg ein svært viktig støttespelar som også sette henne i kontakt med andre nettverk. Prosjektet Hoppid.no gav henne den grunnleggjande innføringa i korleis ei bedrift skal drivast.

Innovasjon Noreg var alfa og omega heilt frå første dag. Det var der eg presenterte bedrifta og fekk tilbakemelding på om dette var noko å satse på. Eg fekk ti timar med coaching. Det er godt å få vite at det ikkje berre er du sjølv som har trua på idéen din. Og mykje av det eg lærte var nytt for meg den gongen.

– Er denne typen hjelp like viktig som finansiell hjelp for ein nyetablerar?

– All finansiell støtte er sjølvsagt veldig viktig i ein tidleg fase. Men det at du får stadfesta at idéen din er god og at også andre har tru på idéen er viktig. Samtalepartnarane eg har hatt har vore unike.

Gjennom Innovasjon Noreg har Gry Cecilie Sydhagen fått tildelt ein mentor ved Boston College.

Han er snart 80 år, han rettleier og korrigerar. Han er ein mentor eg fekk gjennom Innovasjon Noreg, men har rett og slett blitt ein god ven også. Han har stoppa meg når han har meint eg var i ferd med å gjere feil val.

Bedrifta kan ikkje lenger karakteriserast som nyetablert gründerbedrift. Bedrifta fyller 10 år neste år. Gry Cecilie Sydhagen omtalar dei fem fyrste åra som dei vanskelegaste åra. Då handla det om å etablere seg, lære og forstå. Dei fem siste åra har gått meir i legge til rette, skape rutinar og arbeide med bedriftskulturen. Bedrifta har mellom 15 og 20 tilsette og omset for om lag 17 millionar kroner i året.

No har vi fokus på å vekse og framleis vere verdsleiande og leggje vekt på at moglegheitene som ligg der skal nåast.

– Betyr kontakten inn i dei politiske miljøa mindre no?

– Navlestrengen er ikkje kutta heilt. Det fins fleire situasjonar der det kan bli aktuelt å be om hjelp frå kommuneleiinga og sentrale politikarar. Utviklinga av ordninga med SkatteFunn er viktig når vi skal utvikle nye prosjekt. Vi er heile tida under utvikling og har behov for bidrag.

Vi treng eit prosjekt for å få kvinner med ambisjonar til å kome heim frå sentrale strok. Miljøet av næringslivsleiarar er mannsdominert.

Gry Cecilie Sydhagen

Gry Cecilie Sydhagen og Metizoft har heile verda som marknad. Men å flytte bedrifta til ein større by, om det skulle vere Ålesund eller Oslo for den den, er heilt uaktuelt. Bedrifta skal bli verande på Søre Sunnmøre.

– Det er her ute i dette området vi skal vere. Det er opplest og vedtatt. Ikkje berre fordi eg er lojal. Det er rett og slett fordi det er her vi skal vere. Vi er midt i ei utvikling vi har lyst til å vere deltakar i.

Du seier du ønskjer å lokke kvinner heim att til området?

– Ja, vi treng alle saman. Det fins mange kompetente kvinner med ambisjonar som har tilknytning til området, men som vel å jobbe i for eksempel Oslo. Miljøet av næringslivsleiarar er nok litt for mannsdominert her.

Med svake oljeprisar og redusert aktivitet i store deler av den maritime næringa, ser Gry Cecilie Sydhagen mørke skyer i horisonten. Men for ei bedrift som gjev digital støtte til miljøhandtering følgjer aktiviteten ein litt annan kurve enn for store deler av resten i næringslivet. Metizoft tilbyr til dømes spesielle avtalar for skip i opplag.

Det blir utfordringar. Vi har mindre ordreinngang nasjonalt. Men vi kan ikkje sjå mørkt på det. Vi skal bestå. Og vi brukar tid på produktutvikling som vi ikkje har hatt så god tid til dei siste åra. Vi har nokre gode idéar som vi gjerne vil realisere, seier Gry Cecilie Sydhagen med ei mine som får oss til å tru at det nok kjem nyhende frå denne bedrifta om ikkje alt for lenge.

NRK og avisene arrangerte politisk debatt i Molde torsdag. Her diskuteres næringspolitikk.
Valg start Plassen