Hopp til innhold

Slik fekk bonden likevel delta på lamminga

Bonden kunne ikkje reise heim til lamminga, men ved hjelp av velferdsteknologi fekk han likevel vere med.

Eivind Vestre

Gjennom ein videosamtale kunne bonden frå Sunnmøre likevel delta på lamminga heime på garden.

Foto: Privat

– Eg hadde aldri trudd at lamminga ville føregå med han på skjerm, seier Olav Rune Vestre lattermild.

Eivind Vestre

Eivind Vestre kan gjennom ein skjerm følge med på lamminga.

Foto: Privat

Det var han og kona som plutseleg måtte ta over gardsdrifta då faren, Eivind, fekk eit slag under sauesankinga i fjor haust.

Spenninga var difor stor då årets lamming på Ørskog på Sunnmøre skulle starte. Då bonden sjølv ikkje kunne kome heim frå rehabilitering på grunn av koronaviruset, måtte dei to vikarane tenke kreativt slik at han likevel kunne oppleve eit av årets høgdepunkt.

– Så då kopla vi han opp via ein videosamtale. Det var nesten som han sat oppi stova her, fortel dei.

Rørande for alle partar

Ekteparet fortel at det blei ei spesiell hending då årets første lam kom til verda, sjølv om bonden sat fleire titals kilometer unna på Kollen rehabilitering i Ålesund.

Nyfødde lam på Vestre i Ørskog.

Bonden fekk følge med på video då årets første lam kom til verda heime på garden.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Då var vi tre om det likevel. Dette var eit felles mål og vi fekk det til. Så vi blei lettrørte heile gjengen, seier Eli Cathrine Kjersem.

Med videoverføring kan han følge med på dagleglivet og samtidig vere ein ressursperson.

– Det var artig, men sterkt ja. Garden er jo svært viktig for han. Ein ting er jo at han kan kome med råd, men minst like viktig er det at han føler at han får vere med. Det er også ein del av rekonvalesensen hans, seier Vestre.

Før koronasituasjonen var dei som regel på besøk på rehabiliteringa kvar dag. Ved hjelp av ein KOMP, som er ein skjerm med berre ein knapp, har dei likevel heldt kontakta gjennom samtaler, bilde og videoar.

– Det hadde vore forferdeleg trist å ikkje kunne ha kontakt med han. Det erstattar ikkje eit ordinært besøk, men det er så godt som det kan bli i desse tider, seier Vestre.

Eli Chatrine Kjersem og Olav Rune Veste

Ekteparet Olav Rune Vestre og Eli Cathrine Kjersem måtte tenke kreativt for at bonden skulle få med seg eitt av årets store høgdepunkt.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Sette fart på bruken

Den nye korona-kvardagen har ført til ei ekspress-digitalisering. No tyr folk til alternative løysingar. Ting som elles hadde tatt 10–15 år å utvikle skjer no på nokre veker, fortel ein teknologiekspert.

Kjersem jobbar sjølv med velferdsteknologi i heimetenesta i Ørskog. Der erfarte dei at koronasituasjonen sette fart på bruken av digitale hjelpemiddel som KOMP-en.

– Vi hadde skjermar som vi ikkje heilt kom i gang med. No måtte vi bruke dei fordi flest mogleg skulle isolerast for å unngå smitte, så då blei det ei nødvendigheit.

Kjersem vektlegg at dei bruker det i alt frå samtalar til tilsyn og påminningar om avtalar eller medisinering. I kommunen har dei også slike skjermar på omsorgsbustaden, slik at bebuarane kan halde kontakt med familiane sine på utsida. Dei har også knytt til seg ressurspersonar i nærmiljøet.

– Her er det berre kreativiteten som sett ein stoppar. Vi får bilde frå fleire og har både hatt konsert og andakt på denne måten, seier Kjersem.

Vil bruke det fleire gonger

Sjølv om ekteparet i Ørskog har deltatt på lamminga fleire år, synest dei det har vore godt å ha ekspertisen til den erfarne bonden i ryggen.

Eli Chatrine Kjersem

Eli Cathrine Kjersem seier at dei kjem til å halde fram med å kople opp svigerfaren under lamminga.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Dei fortel at dei kjem til å halde fram med å ringe han opp under lamminga.

– Det er mange av sauane som skal få fleire lam og det kan det bli komplikasjonar. Då er det godt å vite at vi kan ha han med, seier Kjersem.