NRK Meny
Normal

Slik feirar Severin på Røneset 17. mai

Meir nasjonalromantisk blir det kanskje ikkje. Severin og Jelena feirar 17. mai med rømmegraut i finstasen til fjells.

Severin og Jelena på Rønesfjelles på 17. mai
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Severin på Rønesfjellet 17. mai

Kake blei det også for Severin og Jelena på Rønesfjellet i Sykkylven.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Det såg stygt ut for finvêret då Severin Rønes og Jelena Aurora Mensah traska oppover fjellsida laurdag. Med tunge ryggsekkar fulle av god mat, norske flagg og fine klede var dei klare for å feire nasjonaldagen til fjells – trass i kald nordavind og regn.

Heldigvis vakna dei til strålande sol og eit utruleg vakkert Sunnmøre.

– Vi har ein heilt fantastisk 17. mai. Vi er heldige, fortel Severin.

Spretta sjampanjen

Dei har allereie spretta kaka og sjampanjen. Og no i ferd med å nyte rømmegraut og spekemat på Rønesfjellet i Sykkylven.

Severin og Jelena på Rønesfjellet 17. mai

Finstasen er viktig å få med, sjølv til fjells.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Kanskje ikkje ei tradisjonell 17. mai-feiring, men Severin og Jelena veit å gjere stas på nasjonaldagen sjølv til fjells. Finekleda er sjølvsagt med i ryggsekken.

– Det er viktig å gjere stas på denne dagen med flagg, fine klede og god mat. Vi koser oss og det er godt å kome seg litt opp i høgda, fortel ein nøgd Severin.

Rekordkort 17. mai-tog?

Dei fekk ikkje med seg det vanlege folketoget, men tog blei det likevel. I alle fall med tre personar.

– Vi hadde kanskje det kortaste toget i Noreg på Rønesfjellet i dag. Eg, Jelena og NRK-fotografen.

Resten av dagen skal Severin og reisefølgjet ete godt, fyre i koia og nyte freden.

– Kanskje vi til og med får rusla oss ein tur bort til vatnet for å fiske.