NRK Meny
Normal

Slik feira Høgre sigeren

Det vart blåblå valsiger i Møre og Romsdal. Den gladaste av dei alle var kanskje nykommar Vetle Wang Solheim, som kjem på Stortinget for første gang. (H)

Høgre og Vetle Wang Solheim feirar valsigeren

Vetle Wang Solheim (H) feira plassen på Stortinget saman med resten av partiet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Rundt 200 politikarar og journalistar var samla til valvake i Ålesund. Det første teiknet på at det vart blåblå valsiger var under valdagsmålinga. Det var stor jubel både i leiren hos Frp og Høgre. Vetle Wang Solheim (24) frå Smøla er tredjekandidaten til Høgre og vart meir og meir nervøs ut på kvelden. Ei stund var han inne på Stortinget, i neste augeblunk var han ute. Då kvelden var omme, kunne han sleppe jubelen laus. Høgre vann tre mandat på Mørebenken.

– Det er heilt utruleg. Eg er tørr i kjeften, eg er overraska, glad og har alle moglege kjensler, seier Solheim. No gler han seg skikkeleg til fire år på Stortinget. Høgre fekk 23,8 prosent av stemmene i Møre og Romsdal. Også Marianne Synnes kom inn saman med Helge Orten.

Stort privilegium

Helge Orten (H) seier at det er eit lag som har jobba for å få det til.

– Det er eit stort privilegium å ta fire nye år på Stortinget. Det signalet veljarane gir, opplever eg er eit ønske om eit framleis borgarleg styre, med fire borgarlege parti som utgjer fleirtalet, seier Orten.

Helge Orten og Sylvi Listhaug

Helge Orten (H) og Sylvi Listhaug (Frp)

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Glad og sliten

Sylvi Listhaug var også spent måndag kveld.

– Det ser ut som det blir ikkje-sosialistisk regjering og det er heilt fantastisk. Eg trur det var få som hadde spådd det når valkampen starta, seier Listhaug. Frp fekk ei oppslutning på 22,4 prosent i Møre og Romsdal. Dette er ein oppgang på 2,3 prosent frå sist val.

– Vi har gjort ein god valkamp i Møre og Romsdal. Dette har vore eit lagarbeid, med truleg mykje lokale folk som har stått på stand og jobba saman med oss, seier Listhaug.

Ho innrømmer at no er ho veldig sliten.

– Eg gler meg til å sove og til å dra heim til barna, seier Listhaug.