Hopp til innhold

24 mann, éin dusj og eit mål om å ikkje bli sett

Livet under vassoverflata: «Das Boot» på repeat er underhaldninga, treningsrommet svevar og mykje er klassifisert. I KNM Uthaug ser kongen kva du et, og slagstøvlar er strengt forbode.

Ubåt i Ålesund

Ubåten KNM Uthaug tok turen inn og opp til Ålesund på cruisekaia i sentrum. Studentbesøk, roleg liv over vassoverflata og nokre intervju var gjeremåla for dagen. Oppe til venstre ser ein tre av dei 24 som til vanleg jobbar og bur i ubåten, i prat med ein interessert besøkande. Oppe til høgre er Kong Harald V avbilda i den eine messa om bord. Nede til venstre ser ein heile ubåten til kai i Ålesund, medan ein nede til høgre ser Ålesund rådhus gjennom KNM Uthaug sitt eine periskop.

Foto: Hans-Olav Rise/montasje / NRK

Dag Martin Barøy

Skipssjef og kapteinløytnant Dag Martin Barøy.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK
Ubåt-luke

Luka ned i ubåten er smal, med små trappetrinn og ei metallstong oppe på ubåten til å halde seg i.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK
Runar Yndesdal

Runar Yndesdal har det kanskje litt tøffare i ubåten enn nokre andre. Med lågt under taket kan nemleg 198 centimeter vere eit ork.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Dersom det er så mykje vatn i ein ubåt at du har bruk for slagstøvlar, er problemet langt større enn at ein kan bli våt på føtene.

Skipssjef Dag Martin Barøy fortel om overtru på ubåtar, før han kjapt og enkelt glir ned i ubåten.

– Berre stig ned på trinnet der!, blir det ropa opp.

Nordlendingen Barøy, kapteinløytnant i sjøforsvaret, har sett himmelen over Ålesund og asfalten i Ålesund. Sola skin og dei 23 mennene som svarer til skipssjefen nyt ein uvanleg roleg dag på Sunnmøre.

Trivst best under

Undervassbåt (ubåt): Eit bemanna submarint fartøy, hovudsakleg brukt til militære formål.

Dei norske militære styrkane har seks ubåtar, Ula-klassen. KNM Uthaug, med hovudet over vatnet for dagen, er éin av dei.

– Dersom vi skulle dykka no, måtte alle lukene ha vore på og tette. Deretter hadde vi opna ratta og ballasttankane, der ein ventil øvst slepp lufta ut og vatnet inn. Deretter søkk ein ned, fortel skipssjef Barøy – som om bord i ubåten går under namnet «Jim Hansen».

Vi har sett ubåtane i actionfilmar, høyrt om gule ubåtar i musikken og sett leikne periskop i eit utal teikneseriar. Men det er noko med desse ubåtane ...

– Det er ein viss mystikk rundt, både tenestegjeringa og ubåtar generelt. Vi er kanskje ikkje så flinke til å vere ute i media og vise oss fram.

– Men vi trivst jo best på djupet, usett. Det er då vi er best, seier kapteinløytnanten, om gruppa på om lag 100 personar i ubåtvåpenet.

– Ein lærer seg å dukke

Vel nede og om bord i ubåten: Det er ikkje trongare enn venta, men det er trongt. Og ikkje minst ganske lågt under taket ...

– Folk her er smidige, og ein lærer raskt kvar ein skal dukke for å unngå hakk i hovudet. Men vi har truleg verdas høgste maskinmeister om bord, og han klarer seg greitt, fortel den gjennomsnittshøge skipssjefen.

Runar Yndesdal er den omtalte maskinmeisteren, som blir tilkalla for å overtyde journalisten om at ubåtlivet er leveleg for alle.

– Eg har skalla meg nok om bord, men ein lærer seg å dukke. Eg er 1.98 høg, så det blir spøka med at eg kan stå nede og lukke lukene oppe, gliser Yndesdal.

Han er sivilt utdanna energimontør og er godt van med å jobbe i høgder. No jobbar han under vatn, i ein ubåt som ikkje er tilpassa ein mann av vekst. Blåkular og moglege ryggplager er derimot mindre viktig enn ubåtdraumen.

– Å vere på ubåt har vore ein draum sidan eg kom inn i førstegongstenesta. Eg byrja først i landavdelinga i Sjøforsvaret, der ubåtvingen – gullvingen – heng veldig høgt. Den får ein berre ved å «segle» ubåt. Ubåt var det einaste valet for meg då eg var ferdig med Sjøkrigsskulen, forklarer Yndesdal.

– Eg har fått åtvaringar på grunn av høgda, og var klar over det sjølv. Men vi har to bikker (sengeplassar) om bord som er litt lenger enn dei andre. Eg har fått éin av dei og der klarer eg akkurat å strekkje ryggen.

Saka held fram under bildet.

KNM Uthaug

Ubåten KNM Uthaug, liggandes på kaia i Ålesund. I bakgrunnen kan ein sjå Ålesund sentrum, byfjellet Aksla og Fjellstua på toppen.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

«Klassifisert!»

Om kor lysten og gira ein var og er på ubåtlivet glir enkelt og automatisk for mennene om bord. Når spørsmåla går over på meir konkrete ting er det ikkje så mange svar å få.

Kart om bord i KNM Uthaug

Lasermerket på kartet viser at KNM Uthaug på tidspunktet låg ved kai i Ålesund.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

For kva styrer dei eigentleg med under vassoverflata?

– Det er den jo den daglege drifta om bord, samt utdanning av folk til nye funksjonar. Men det vi eigentleg gjer er å sørgje for å forsvare Noreg sine interesser i den maritime sektoren. Det er mellom anna ei forsikring for å ta vare på nasjonen sine interesser i olje og fiske, forklarer skipssjef Barøy.

Mykje meir enn det får vi ikkje vite, for store delar av det som skjer og blir gjort er klassifisert. Skipssjefen om bord forsikrar derimot at mannskapet «er klare om det nokon gong blir nødvendig».

– Vi pressar båtane og mannskapet til det yttarste. Vi er så lite som mogleg her oppe på overflata. Vi ønskjer å gå alle stadar neddykka, sjølv om vi har nokre turar på overflata. Då både for å bli kjende langs kysten og for å kunne å navigere oppdykka. I dag er det for å helse på folk, vi gjer eit unntak.

Saka held fram under bildet.

Dag Martin Barøy

Kapteinløytnant Dag Martin Barøy blant svært mykje teknisk utstyr i KNM Uthaug.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– No er vi i torpedorommet

Redningsdrakter

Redningsdrakter låg tettpakka om bord i KNM Uthaug. Dersom ein naudsituasjon oppstår må éin og éin «skytast» ut iført redningsdrakt.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Skipssjefen viser oss rundt i ubåten. Bysse, soveplass og:

– No er vi i torpedorommet, med åtte torpedorør rett her framme.

– Er de armerte?

– Det kan eg ikkje svare på, repliserer Barøy kjapt, før han forklarer vidare om elektronikk som styrer torpedoar – som eventuelt må fyrast av.

Gjennom heile omvisinga får vi ta godt med bilde, så lenge skipssjefen får slette bilda som kan avsløre noko i etterkant. Alle bilde av torpedorør har forsvunne.

Midt inne i ubåten må vi legge igjen bandopptakar og mobiltelefon. I delar av «arbeidssona» kan ein heller ikkje bruke blits i fare for å utløyse brannalarmen. Ei gardin er einaste skiljet før.

Toalett på ubåt

Toalettet om bord, med rimeleg og nedbrytbart toalettpapir. Enkelt og funksjonelt.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Det er store skjermar med blinkande lys, koordinatar, knappar, spakar, store maskiner, skinntrekte stolar, ventilar og redningsdrakter pakka i eit hjørne.

– Og ein HP-skrivar?

– Det er ikkje farge, berre svart/kvitt, nikkar Barøy.

Maten er einaste luksus

Vi får sjå den eine dusjen om bord, eitt lite toalett og to messer med plass til 12 mann samla.

– Vi har med oss ferskvatn til bruk, noko som er grunnen til at vi dusjar éin gong per veke når vi er ute. Alle luktar det same då, så det er ikkje så farleg. Toalettet er som det meste andre, der funksjonalitet er det viktigaste, seier skipssjefen.

I éi av dei to messene er der ein TV. På veggen heng eit stort bilde av Kong Harald V.

– Vi har godt med TV-seriar og filmar på DVD, blant anna «Das Boot». Den har ei kvar ubåtbesetning med sjølvrespekt med seg om bord, meiner Barøy, som omtalar maten som den einaste luksusen mannskapet har.

– Vi har ein svært flink kokk. Det er velferda vår, med ferskt brød to gonger om dagen. Ikkje noko tull. Kjøkkenet er lite, men maten som kjem ut er fantastisk. På denne ubåten har vi alltid hatt flaks med kokkane vi får om bord. Kokken vår no er nok den beste av alle ubåtkokkane.

Saka held fram under bildet.

Mannskap på KNM Uthaug

F.v.: Marki, Heimnes, Glenn Birkeland, Runar Yndesdal, Dag Martin Barøy, Kjetil Herfjord, Håkon Konningen, Petter Vegusdal, Erlin Nilsen, Børge Lavik. Dette er ni av dei 24 som var om bord KNM Uthaug på dette tidspunktet.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Rett tilbake i ubåtvåpenet

Om bord i ubåten er der eit eige «treningsrom»: Éi stong, montert i taket, for pull-ups.

– Vi klarer å halde oss i høveleg form. Og så hadde vel lause vekter fort blitt ein del krøll med i ein ubåt, nikkar Barøy.

Henrik Øyen

Henrik Øyen ser føre seg eit liv under vatn. Her er han i «treningsrommet».

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Medan vi går mot «treningsrommet» er 25 år gamle Henrik Øyen i aksjon. Etter nokre pull-ups får vi han i tale.

– Det er utruleg spennande og givande å vere på ubåt. Det er annleis enn det nesten alle andre får oppleve. Vi er eit lite fellesskap under vatn.

Øyen, opphavleg frå Årnes utanfor Jessheim, tok befalsutdanning på Madla i Stavanger. Så hamna han på ubåt, før han skal inn på Sjøkrigsskulen i januar.

– Om bord er eg elektrikar, eg tek meg av det skipstekniske. På Sjøkrigsskulen skal eg ta elektro og automasjon, der det er tre og eit halvt år skule, følgt av tre og eit halvt år plikt. Då er det sjølvsagt tilbake i ubåtvåpenet, slår Øyen fast.

Periskop

Ubåten, som besøkte Ålesund, hadde to periskop.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Periskopet i aksjon

For folk flest, utan enorm innsikt i ubåtar, er periskopet i alle fall ein kjent ting. Denne dagen i Ålesund, med besøk av mellom anna skuleklasser, viser skipssjefen korleis periskopet fungerer.

– Det er éin av dei mest kjende sensorane, forklarer Barøy.

– Vi ønskjer derimot å forbli usett så lenge som mogleg, og då nyttar vi oss av andre sensorar først. Brukt rett er derimot periskopet ein kjempesensor, så vidt opp vatnet, ein liten kik og så ned igjen.

Skipssjefen gjekk inn i ubåtvåpenet i 2004, og har ikkje angra sidan. Vel ute av ubåtane kjem fleire interesserte studentar for å kike på fartøyet.

Svein Gryte og Oddbjørn Gudmundsen

Svein Gryte (t.v.) og Oddbjørn Gudmundsen synest det er interessant å få sjå ein ubåt.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Stas å få sjå

Oddbjørn Gudmundsen, frå Karmøy, studerer skipsdesign, medan kameraten Svein Gryte, frå Kvammen, studerer produkt- og systemdesign. Begge ved Høgskulen i Ålesund.

– Vi høyrde ubåten låg her, og så hadde vi vel eit håp om å få kome om bord, seier Gryte, noko dei får lov til.

– Dette verkar ganske spennande fagleg, med ein båt som fungerer under vatn, ikkje berre oppå. Det er stas å få sjå dette, seier Gudmundsen.

Begge dei to meiner det mannskapet på ubåten gjer er applaus verdig.

– All honnør til dei! At dei klarer å vere innestengt så lenge saman, på eit så lite areal, er fascinerande at dei får til. Eg føretrekkjer nok å jobbe på båtar over vassoverflata, fortel Gudmundsen.

– Eg har vore i Sjøforsvaret, men var aldri om bord i ein ubåt. Eg har alltid hatt lyst, men eg ville ikkje jobba på ein ubåt over tid, trur eg, avsluttar Gryte.

Solnedgang før ned

Etter nok ei omvising er Barøy igjen oppe på ubåtskroget.

Snart 10 år i ubåtvåpenet, med svært mange dagar under sjøoverflata. Likevel har han til gode å bli skremt eller verkeleg overraska.

– Vi har aldri møtt ubåtar der møtet ikkje var planlagt. Det mest overraskande er vel alle dei nye tinga ein legg merke til. Å sjå kor fint det er langs kysten vår. Eg føler meg privilegert, seier skipssjefen.

– Kva er den beste opplevinga du har hatt på ubåt?

– Dei finaste augneblinkane, mellom alt arbeidet, er når ein sit heilt åleine på brua før dykking, på veg ut i sjøen i solnedgang. Då er det ingen andre som har det betre, avsluttar Dag Martin Barøy på KNM Uthaug.

Ubåt i Ålesund

KNM Uthaug, til kai i Ålesund. Når mannskapet først dukka opp, hadde dei ingenting å utsetje på vêret.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK