Til saman 21 personar blei evakuerte natt til 1. nyttårsdag på grunn av den omfattande brannen i fjellet på Valderøya utanfor Ålesund.
Fredag formiddag hadde dei fleste valt å flytte heim igjen.
Ingen vart skadd i brannen.
- Les også:
Ukjent brannårsak
Verken politiet eller brannvesenet vil slå fast brannårsaka på Valderøya fredag, men seier at det er nærliggande å tru at det kan vere starta av fyrverkeri.
Fredag føremiddag var brannen heilt sløkt. Brannvesenet følgjer likevel med på brannstaden for å passa på at brannen ikkje blussar opp igjen.
Fredag førmiddag hadde mange tatt turen for å sjå på skadane.
- Les også:
- Les også: