Hopp til innhold

Slik blir «Sommeråpent» i Kristiansund

Frode Alnæs, klippfiskopera, Tare frå «Ingen Grenser» og «fish and chips» står på menyen når «Sommeråpent»-båten legg til kai i Kristiansund tysdag.

MS Sjøkurs

MS «Sjøkurs» kjem til Kristiansund i morgon tysdag klokka 13.30. Etter besøket i nordmørsbyen skal NRK sin sommarbåt vidare til Måløy i Sogn og Fjordane.

Foto: Tor Gravnås / NRK

Det blir ein time med TV frå Nordmøre i morgon, når NRK sin sommarbåt MS «Sjøkurs» legg til kai i Møre og Romsdal for andre gong tysdag.

Tidleg i juli var båten til kai i Ålesund

Programlederne i Sommeråpent

Kåre Magnus Berg, Ingrid Gjessing Linhave, Nadia Hasnaoui, Ingerid Stenvold, Dan Børge Akerø, Anne Rimmen og Tore Strømøy er programleiarane for Sommeråpent i år.

Foto: Julia Naglestad / NRK
Frode Alnæs

Frode Alnæs er plateaktuell og er éin av gjestane i Sommeråpent tysdag.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Plateaktuell Alnes

Programleiar i Kristiansund er Tore Strømøy, og gjengen om bord ser no fram til spennande dagar nedover kysten.

– Det blir spennande og varierte sendingar, lovar teamet.

I morgon tysdag blir det, ikkje uventa, eit kristiansundsk program. Éin av gjestane blir Frode Alnæs, vokalist, gitarist og låtskrivar, mest kjend frå «Dance with a Stranger».

Alnæs er aktuell med ny soloplate, som kjem til hausten, og i sendinga frå kystbyen vil han servere nokre smakebitar.

I tillegg vil det bli musikalsk innslag frå klippfiskoperaen «Donna Bacalao».

Beundringsverdig haldning til livet

I tillegg blir Tare Teksum gjest om bord. Teksum rørte norske TV-sjåarar som éin av deltakarane i «Ingen Grenser».

Tare er handikappa, så godt som døv og blind, men har ei beundringsverdig haldning til livet.

Handikappet er ikkje eit hinder, for nyleg gjekk oppdølen frå Lindesnes til Nordkapp.

Turen var 2600 kilometer lang, og Tare starta 15. april og avslutta 10. juli.

– Det er eigentleg vemodig at turen er over, det har vore eitt einaste langt eventyr, fortalde Tare etter turen.

Saka held fram under bildet.

Tare Teksum nådde Nordkapp

Tare Teksum nådde Nordkapp tidlegare i juli.

Foto: Kristian Sønvisen Bye

Fokus på «fish and chips»

I tillegg til gjestar blir det matfokus i Sommeråpent, og det er «fish and chips» som står i fokus.

– Vi introduserer den eldste serveringsstaden for fish and chips i Noreg, opplyser produksjonsteamet.

Retten er kjent som populært fastfood, spesielt i England, og er altså fisk og chips. Kristiansund er byen i Noreg med lengst tradisjon med retten.

Vil du møte båten?

MS «Sjøkurs» kjem altså til Kristiansund klokka 13.30 tysdag ettermiddag. Sendingane for Sommeråpent er på tre forskjellige tidspunkt.

Klokka 19.30 går «På vei til» på NRK1, klokka 21.30 byrjar «Sommeråpent» på same kanal, før «Minutt for minutt» byrjar klokka 23.15 på NRK1.

Om bord på båten kan ein òg få prøve den automatiske intervjuboksen, der ein får spørsmål om framtidsdraumar. Prosjektet er knytt opp mot eit NRK-prosjekt inn mot Grunnlovsjubileet i 2014.

I tillegg er det mogleg å møte MS «Sjøkurs» i båt.

– Vink til oss, ta bilde av båten og legg det ut på Instagram med hashtag #nrksommer. Hugs å skru på geotag på mobiltelefonen, slik at vi lettare kan sjå kor de er hen, oppfordrar «Sommeråpent»-teamet.

MS Sjøkurs, Sommeråpent 2013

Sommeråpent 2013 er på reisefot og besøker mange hamner langs kysten i Noreg. Her er båten, MS «Sjøkurs» til kai.

Foto: Asbjørn Odd Berge / NRK