Hopp til innhold

Slik påverkar statsbudsjettet økonomien din

Cecilie Myrstad, fagsjef informasjon i Sparebanken Møre fortel kva statsbudsjettet vil betyr for lommeboka til folk flest.

Fagsjef i Sparebanken Møre, Cecilie Myrstad, forteller om hvordan din økonomi blir med det nye statsbudsjettet.

ØKONOMI: Cecilie Myrstad, fagsjef informasjon i Sparebanken fortel korleis økonomien din vil sjå ut i tida som kjem.

I dag lanserte regjeringa Solberg sitt fyrste statsbudsjett. Skattelette for folk flest er noko av det regjeringa tidlegare har signalisert at dei vil innføre. I tråd med dette foreslår dei å auke i minstefrådraget til ei stor gruppe av befolkninga.

I tillegg har dei forslått å redusere inntektsskatten til folk flest. Myrstad meiner likevel at det ikkje er snakk om ei mykje tjukkare lommebok neste år. Ho oppmodar alle til å ta ansvar for økonomien sin.

– Dersom du ikkje sparar pengar, så må du byrje med det. Dess tidlegare, dess betre. Det er viktig å sette opp eit godt budsjett for deg og familien din, seier Myrstad.

Få alt om statsbudsjettet i Møre og Romsdal her.

Mindre skatt

Regjeringa ynskjer også å auke frikortgrensa med neste 10 00 kroner opp til 50 000 kroner, slik at studentar og ungdom som vil jobbe kan tene heilt opp til 50 000 utan å måtte skatte for det.

Dei vil også gjere det lettare for fleire å kome seg ut i arbeidslivet, noko dei skal gjere gjennom å fjerne skatteklasse to.

– Slik som ordninga har fungert i dag så har den svekka insentiva for fleire å kome seg ut i jobb, så kanskje dette blir lettare no, meiner Myrstad.

Vidare planlegger regjeringa å gjere endringa i formueskatten. I dag er formuar under ein million skattefrie. Dette vil regjeringa redusere med 0,25 prosentpoeng, samtidig som dei aukar botnfrådraget til 1,2 millionar for den enkelte og 2,4 millionar for ektepar.

– For lite fokus på BSU og pensjon

Myrstad skulle derimot ynskja at det var større fokus på privat pensjonssparing og ei styrking av bustadsparing for ungdom (BSU), slik som regjeringa tidlegare har signalisert.

– Det ser vi ikkje noko av i dette statsbudsjettet, og det tykkjer eg er skuffande. Vi fekk nye BSU reglar ved nyttår i år, noko som har hatt veldig god effekt, seier ho.

Regjeringa har også fremja ein rekke ENØK-støttetiltak gjennom ENOVA. Desse er enno ikkje spesifiserte, men kan få fordelar for dei som skal starte med rehabilitering av bustader.

– Mitt råd er å sette seg godt inn i desse reglane, slik at ein får maksimalt utnytte av dei, seier Myrstad.

Få kontroll over økonomien

I ein tale tidlegare i dag trekte Siv Jensen fram ei endring i barnehageprisane. Dei som tener meir skal betale meir medan dei som tener mindre skal betale mindre. Myrstad meiner likevel at det er viktig for småbarnsfamilien å ta kontroll over familieøkonomien sin.

– Ikkje lån meir enn du har råd til. Tre gongar hushaldninga si inntekt er ein fin tommelfingerregel, seier ho.

Myrstad meiner det er viktig å ta høgde for at renta kan stige, og at det difor er lurt å sette opp eit rekneskap over kva du kan bruke pengane på.

Vurder nøye om det finst kostnadar ein kan kutte eller grep ein kan ta for å redusere kostnadsbiletet totalt. I tillegg anbefaler Myrstad dei fleste å legge opp ein buffer for framtidig uventa utgifter.

– Det er alltid viktig å spare, uavhengig av korleis situasjonen din er. Du må spare til både til pensjon og til kjøp av bustad, seier Myrstad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL