Søndag kveld er Kristiansund farga i blått og kvitt og heile byen feirar seriegullet.
– Eg huskar ikkje kampen. Eg hulka som ein unge, seier Liv Berit Bach. Ho er styremedlem i KBK og hadde meir enn nok med å puste under dagens thrillerkamp.
Det var ein dramatisk kamp mot Sandefjord tidlegare i dag, der Kristiansund først trudde dei hadde seriegullet i lomma, men kampen snudde og Sandefjord utlikna. Fem minutt på overtid avgjorde Daouda Bamba kampen og Kristiansund vart seriemeistrar. Allereie førre helg var det klart at laget rykte opp til eliteserien, men den store feiringa skjer søndag kveld.
Styremedlem i KBK, Liv Berit Bach, var så nervøs at ho hugsar nesten ingenting frå gullkampen.
Foto: Roar Halten / NRKVarme frå folket
– Det er skikkeleg herleg at gutane får nyte ein slik dag. Sjølv om det er møkkaver, kjenner dei varmen frå folket, seier Bach.
Dei nybakte seriemeistrane vart hylla av folket då dei kom køyrande i ein lastebil ned Kaibakken, medan regnet hølja ned. Eit straumbrot gjorde at spelarane måtte søke ly ei stund i rådhuset, medan dei venta på at lyset skulle kome.
Fleire tusen i regnet
KBK-supporterane Bjørn Otto Strømme og Dagfinn Larsen spår at det blir kanonbra i eliteserien.
Foto: Roar Halten / NRKFolket var i ekstase under feiringa til trass for at dei både vart våte og kalde. Det var fleire tusen frammøtte som fekk sjå eit forrykande fyrverkishow. Ein av dei var sjølvsagt ordførar Kjell Neergaard (Ap). Han er imponert over at så mange møtte opp i regnvêret for å hylle spelarane.
– Det seier litt om kva fotballen betyr i Kristiansund, seier Neergaard. Han merka allereie i haust før KBK rykte opp at det kokte på tribunen under kampane og gler seg til neste år.
–Det er nesten uverkeleg det som har skjedd, seier ordføraren.
Supporterane Bjørn Otto Strømme og Dagfinn Larsen har følgt med på alle kampane i år. Dei spår ein kanonbra sesong i eliteserien.
– Vi skal oppover vi no. Vi skal til topps, ler dei to supporterane.