NRK Meny
Normal

Slik blir du tryggare på våte haustvegar

Når regnet pøsar ned og haustmørket senkar seg, blir forholda i trafikken mykje meir krevjande. Med enkle grep minskar du risikoen på vegen.

Tette slukar i Ålesund

Med mykje vatn på vegane aukar risikoen for vassplaning. Både bil og sjåfør kan skjerpast for at hausttrafikken kan bli tryggare.

Foto: Synnøve Hole

Jan Erik Myhr i Statens Vegvesen har fleire tips til kva bilistar i haustregnet må passe på.

– For det første er det gode dekk. Slitne dekk på våte vegar har mykje større risiko for vassplaning. Med slikt vêr som vi har no, og når kulda snart kjem, vil eg sterkt anbefale folk å sjekke dekka sine, seier Myhr.

Det er den enkelte sjåfør som har ansvar for å vurdere veggrepet på bilen. Det er òg enkle minimumskrav til mønster i dekk, på vinterdekk skal mønstera vere minimum tre millimeter djupe.

Krevjande haustforhold

På våt asfalt er det sommardekka som gir best veggrep, men frå 1. november skal alle uansett bruke vinterdekk.

– Har ein forskriftsmessig gode dekk med riktig mønster er det godt nok på våte vegar, seier Myhr.

Dersom dekka er i orden, er det sjåføren som er neste på sjekklista. På krevjande haustforhold må ein vere ekstra varsom i trafikken.

– Det er også viktig å avpasse farta og halde avstand når det er våte vegar. Når det er mykje vatn på vegane vil ikkje dekka ha den same gripeevna som vanleg.

Med mindre dagslys utover hausten og normalt mykje regn, vil bilistar få større utfordringar med sikta.

– Då er det viktig å sjekke at lysa på bilen er gode nok. Dersom ein er i tvil om ein har bra nok lys, bør ein få det sjekka av fagfolk, seier Jan Erik Myhr.

Mykje vatn

Dei siste dagane har det kome mykje nedbør i Møre og Romsdal, og NVE varslar om fare for flaum på Nordvestlandet.

– Det har vore mykje nedbør i Møre og Romsdal dei siste dagane, og med mykje regn over fleire dagar ser ein at faren for flaum aukar veldig, seier Frode Hassel, som er vakthavande meteorolog på Meteorologisk institutt.

Det vil halde fram med å regne utover veka, men ikkje like mykje som det har vore no. Det er derfor venta at det vil vere vatn i vegbana i tida framover.

– Folk er flinke

Det er ikkje fleire ulukker på vegane i vått haustvêr og glatt vintervêr. Dei mest alvorlege ulukkene skjer som regel på tørre vegar om sommaren. Når forholda på vegane blir vanskelege, viser det seg kvart år at bilistane blir flinkare til å ta omsyn.

– Folk er generelt flinke til å avpasse fart og køyring etter vêret, men vi kan likevel ikkje vere tydelege nok på at folk må ta omsyn til forholda og køyre deretter, seier Myhr i vegvesenet.