Slik blir du festklar til 17. mai

Nasjonaldagen nærmar seg med stormskritt. Her er 17. mai triksa som kan hjelpe deg å bli klar til den store dagen.

17. mai i Oslo 2012

Arkivfoto: det er ofte mykje som skal gjerast før 17. mai. Her får du tipsa som gjer førebuinga litt lettare.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

17. mai er ein dag for fest og feiring over heile landet. Då leiter vi fram finstasen og pyntar oss frå topp til tå. Mange ikler seg den tradisjonelle bunaden og overalt ser ein flagg i raudt, kvitt og blått.

Men det er mykje som skal gjerast før sjølve nasjonaldagen. Bunaden skal klargjerast, skjorta skal strykast og sølvet skal pussast. Her får du nokre tips som kanskje gjer førebuingane litt lettare.

Bunaden

Nokre brukar lang tid på å klargjere bunaden til mai, andre tek han ikkje fram før dagen før han skal brukast. Bunaden er eit plagg mange berre brukar ein gong i året. Difor kan det vere å leite fram den, og alt tilbehøyret, i god tid slik du er sikker på at alt er på plass.

Sigrid Ytterland

Dagleg leiar for Bunadsspesialisten i Ålesund, Sigrid Ytterland, har mange gode råd om korleis du steller bunaden din.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Finn frem bunaden nå!

For mange er stryking av bunadsskjorta den største utfordringa.

– Eit godt tips er å dynke den med litt vatn, slik at ho blir fuktig. Når ein har fukta bunadskjorta kan ein putte henne i ein brødpose og legge posen i kjøleskapet. Då blir skjorta mykje lettare å stryke, forklarer Sigrid Ytterland, som er dagleg leiar for Bunadsspesialisten i Ålesund.

Ho har ein rekke tips for korleis du kan gjere bunaden din klar til 17. mai: Slik klargjer du bunaden din

Ytterland anbefaler at ein alltid vaskar bunadsskjorta etter bruk, enten det er flekkar på den eller ei.

– Dersom du hengjer opp skjorta utan å vaske henne, vert ho lett gul, seier Ytterland.

Og har du enno ikkje vaska bunadsskjorta til 17. mai kan desse råda kome godt med: Vask og stell av bunadskjorter

Sølvpuss

Mange har mykje sølv til bunaden som må pussast før 17. mai. Då er det kjekt med nokre gode råd på vegen:

Bunadssølv må til for at bunaden skal vera komplett

Mange bunadar har mykje sølv som må pussast til 17. mai.

Foto: Anne Lognvik / NRK
  • Sølv som er sydd på plagg må pussast med pusseklut dersom dei ikkje blir tatt av plagget. For laust sølv kan ein enten bruke pusseklut, eller flytande sølvpuss og ein mjuk babytannbørste.
  • Skyl sølvet godt etter pussing. Ein hårfønar er fint til tørking av sølvet.
  • Pass på at det er heilt tørt før du pakker det inn i plast og legg det bort til neste gang. Fleire gode råd får du her.

Festklar i ein fei

Skal du ikkje ha på deg bunad, men derimot dress og slit med å knyte slipset. Då kan du sjå korleis du gjer det her: Slik får du til slipsknuten

Det er mange som går til innkjøp av nytt antrekk og nye sko til nasjonaldagen. Det blir fort mykje trakking på 17. mai og nye sko kan lett gi plager som gnagsår og vonde tær.

Har du framleis fjorårets gnagsår friskt i minne, lønnar det seg å vere føre var. Skomakarar anbefaler å gni sprit på skinnskoa for å forme dei etter føta. Det kan også vere lurt å gå inn skoa i god tid før sjølve dagen. Gå inn skoene før 17. mai

Lær deg flaggreglane

Store flagg.

Lær deg flaggreglane til 17. mai.

Foto: Hege Therese Holtung / NRK

Enten du har flaggstong eller vimpel og vil heise flagget på den store dagen er det reglar ein på hugse på.

Det norske flagget skal berre henge ute i dagslys. Det kan vere tidlegast oppe frå klokka 08.00 og skal ned ved solnedgang.

Flagget skal seinast vere nede innan klokka 21.00. Meir om flaggreglane kan du lese her:

Smakfulle kaker

Skal du lage kake eller noko anna godt til 17. mai og treng litt inspirasjon? Her er fem oppskrifter – frå enkle og raske dessertar til meir avanserte og tidskrevjande. Fem 17. mai-desserter – fra enkel til komplisert

Og skulle det ikkje vere nok, kan du lese enno fleire freistande oppskrifter her: Festkaker i mai

Jordbærkake

Kva med å lage ei smakfull kake med friske bær til 17. mai.

Foto: Tone Rieber-Mohn / NRK

Lær deg songane til 17. mai

Er du ein av dei som slit med teksten på dei ulike songane på 17. mai, så er du truleg ikkje den aleine om det.

Det er særleg tre songar som blir sett på som ein del av standardrepertoaret på 17. mai: Nasjonalsongen, Kongesangen og «Norge i raudt kvitt og blått». Er du litt usikker på teksten, har du framleis eit par dagar å lære dei på. Sliter du med 17. mai-sangene?

Slik får du dei beste bileta

Og når alt endeleg er klart og familien står ikledd finstasen, kan det vere kjekt med eit bilete frå nasjonaldagen. Ønskjer du å fange dei minnerike augneblinkane frå 17. mai, og har lyst på nokre tips som kan hjelpe å ta fine bilete bør du lese her: De beste 17. mai-bildene

Og lurer du på korleis vêrutsiktene for 17. mai ser ut? Sør-Norge kan bli værvinner på 17.mai

Fleire nyttige tips kan du finne her: