Hopp til innhold

Lokaloppgjer også i den 3.runden

AaFK møter Brattvåg og Molde møter Stjørdals – Blink i den tredje runden av NM-cupen for menn.

Herd-Aalesund

AaFK heldt på å tape mot Herd i den andre runden av cupen, men tok styringa i den andre omgangen og greidde til slutt å ta seg vidare. No møter dei 2.-divisjonslaget Brattvåg i eit nytt lokaloppgjer.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

2.-divisjonslaget Brattvåg tek imot elitedivisjonslaget Aalesund FK i den andre runden av NM-cupen for menn.

– Eg trur det blir ein jamn kamp. Så lenge Brattvåg klarar å slå Hødd på heimebane så kan die også hamle opp med AaFK. Brattvåg har også hatt ein god start på serien, seier Rune Hustad, fotballekspert i NRK.

– AaFK-trenar Trond Fredriksen bytta ut store delar av laget under kampen mot Herd. Eg trur nok ikkje han gjer det same mot Brattvåg. Her treng han nok å stille med førsteellevaren på bana frå start for å slå Brattvåg, held han fram.

Molde skal til Trøndelag for å møte Stjørdals – Blink frå Stjørdal.

– På papiret skal det gå bra, men dei fekk problem borte mot Grorud i den andre runden, så her må dei vere skjerpa. Eit heilskjerpa Molde-lag bør kunne slå Stjørdals – Blink, seier Hustad.

Sjå også:

Her er oppgjera i cupens tredje runde:

4. mai:

KFUM Oslo – Vålerenga
Bærum–Stabæk
Asker–Odd
Kongsvinger–Strømmen
Sandefjord–Lillestrøm
Vindbjart–Strømsgodset
Sandnes Ulf–Start
Vidar–Viking
Åsane–Haugesund
Nest Sotra–Sogndal
Brattvåg–Aalesund
Nardo–Rosenborg
Stjørdals/Blink–Molde
Tromsdalen–Tromsø

5. mai:

Fredrikstad–Sarpsborg 08
Alta–Bodø/Glimt

Tøff andre runde

Fleire eliteserielag fekk ein tøffare kamp enn dei hadde håpa på i den andre runden av NM-cupen for menn. Molde starta dårleg og låg først under 1–0 mot Grorud, men snudde etter kvart kampen, og vann til slutt til 2–3 over Oslo-laget.

Aalesund kom tidleg i trøbbel borte mot tredjedivisjonslaget Herd, og før kvarteret var spelt hadde Ingolfur Örn Kristjansson scora to gonger for Herd. Sondre Brunstad Fet reduserte for Aalesund rett før pause, men tredjedivisjonslaget leda 2–1 etter halvspelt kamp.

AaFK greidde til snu kampen i andre omgang, og vann 4–3 over byrivalen Herd.

2.-divisjonslaget Brattvåg tok eit nytt skritt på vegen til Ullevaal då dei slo 1.-divisjonslaget Hødd 1–0 i den andre runden av cupen. No blir det spennande å sjå kven dei møter i den tredje runden.