NRK Meny
Normal

Slik blir den nye fasaden på sjukehuset i Ålesund

Ny fasade skal ikkje berre berge sjukehusbygget i Ålesund. Større vindaugsflater skal også gjere opphaldet på sjukehuset til ei betre oppleving.

Ny fasade Ålesund sjukehus

Ifølgje rapporten frå Nordic COWI skal fasaden på Ålesund sjå slik ut når fase 1 i rehabiliteringsprosjektet er ferdig.

Foto: Nordic Covi

Det er ikkje berre veggplatene på sjukehusehuset frå 1970 som skal skiftast. Også alle vindauga må bytast ut. Då skal det bli vindauge som går nesten heilt frå golvet til taket.

– Dette vil gje ein viktig kvalitet til rommet og gje sengeliggande pasientar betre utsyn. Vindaugsformatet blir opnare og fasaden får eit meir moderne uttrykk, heiter det i rapporten som no blir lagt fram for styret.

Prosjektet har ei total kostnadsramme på 255 millionar kroner. På styremøtet den 25. oktober kjem styret mest sannsynleg til å be om eit lån frå helse Midt-Noreg for å finansiere byggetrinn 1 for rehabilitering av fasadane. Deretter skal det utarbeidast ein finansieringsplan for dei neste to byggetrinna.

Roteskadar Ålesund sjukehus

Slik såg det ut under fasadeplatene på Ålesund sjukehus.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Omfattande roteskadar

I 2016 blei det avdekt roteskadar på store deler av fasadane på Ålesund sjukehus. Konstruksjonen som veggplatene er festa i er festa direkte i betongen. Det har kome fukt inn på denne konstruksjonen som igjen har ført til rote.

Deler av fasadekledninga blei rive hausten 2016 og har stått utildekt sidan. Situasjonen blir omtalt som akutt og prekær.

Tre fasar

Det omfattande arbeidet med å rehabilitere fasaden skal delast i tre fasar. Det er fasadane mot vest og sør som etter planen skal takast først. Dette arbeidet skal skje samtidig med at straumforsyninga til sjukehuset skal oppgraderast.

Rehabilitering Ålesund sjukehus fase 1

Dette er første fase i rehabiliteringa. Fasadane mot vest og sør skal takast først.

Foto: Nordic Cowi
Sjukehus rehabilitering fase to

Dette er fase to. Då skal aust- og nordveggane takast.

Foto: Nordic Cowi
Sjukehus rehabilitering fase 3

Desse bygga skal få ny fasade i tredje byggetrinn.

Foto: nordic Cowi

I fase to skal dei austlege veggane på både høgblokka og lågblokka takast. Dette er veggen på hovudbygget som vender mot den nye barneavdelinga og den tilsvarande veggen på det lågare bygget som ligg rett vest for høgblokka.

Fase tre gjeld alle dei resterande fasadane som har vore uendra sidan bygget blei oppført i 1970. Dette gjeld dei låge fløyene mot nord, der det er teknisk fløy, kontor og der mange pasientar går inn til forskjellige poliklinikkar og blodbank.

Ifølgje rapporten frå Nordic COWI er det stort behov for å rehabilitere alle fasadane på bygget frå 1970.

– Dei områda som er mest utsette for ver og vind bør prioriterast. Det vil seie gavlane mot syd og vestfasadane på begge blokkene, heiter det i rapporten.

Arbeidet er i gang

Rapporten med plan for utbetring av fasaden på Ålesund sjukehus er datert 17. mars i år. Der går det fram at det alt er gjennomført ei rekkje møte i samband med prosjektet. Med i prosjektet er også ei vurdering av om det er råd å gjennomføre energiøkonomiserande tiltak.

Også ventilasjonstilhøva ved sjukehuset er omtalt, og standarden på denne ville ikkje stette standardkrava ved nybygg i dag. På einskilde område blir verknadsgraden vurdert som svært låg. Store deler av ventilasjonsanlegget skal likevel behaldast sjølv om det no blir sett i gang eit omfattande rehabiliteringsprosjekt som gjeld fasaden.

Ny fasade Ålesund sjukehus

Dette er ein skisse til ny fasade på Ålesund sjukehus.

Foto: Helse Møre og Romsdal