Hopp til innhold

Slik blir den andre runden i cupen

Herd får oppfylt draumen og møter Aalesund FK på heimebane. Brattvåg spelar mot Hødd og Molde skal til Oslo.

Molde FK

Molde FK har vunne NM-cupen ein rekke gongar. Kan dei gjenta suksessen i år?

Foto: Roar Halten / NRK

15 lag frå Tippeligaen, 14 frå førstedivisjon, 30 frå andredivisjon og seks frå tredjedivisjon er med vidare til den andre runden av NM-cupen for menn. Laga frå Møre og Romsdal som skal i aksjon er:

27. april klokka 18.00:

  • Brattvåg–Hødd.

  • Herd–Aalesund.

  • Grorud–Molde.

Fekk draumekampen

Tredjedivisjonslaget Herd frå Ålesund blei den store overraskinga då dei tok seg vidare frå den første runden etter å ha slått ut førstedivisjonslaget Kristiansund BK på straffekonkurranse.

Amund Skiri

Tidligare AaFK-spelar og no Herd-trenar Amund Skiri møter gamleklubben i den andre runden av cupen.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Herd-trenar og tidlegare AaFK-spelar Amund Skiri, håpte å møte AaFK i den andre runden av NM-cupen for menn. I dag blei gjekk den draumen i oppfylling. 27. april er det duka for eit skikkeleg lokaloppgjer når Herd tek imot Aalesund på heimebane.

– Eg unner spelarane opplevinga av å møte AaFK på heimebane. Når vi slår ut KBK på ein så fin måte som vi gjer, så trur eg at vi kan gi AaFK god motstand, sa Skiri til NRK etter den første cuprunden.

Hødd skal til Brattvåg

Tredjedivisjonslaget Brattvåg vann 2–1 over Florø i den første runden av cupen. Dei møter ein tøffare motstandar i den andre runden, nemleg Hødd IL frå Ulsteinvik.

Rune Hustad, fotballkommentator i NRK, trur det blir ein tett og jamn kamp.

– Hødd gjorde jobben i den første runden, men Brattvåg på heimebane er inga enkel oppgåve, så her må Hødd vere skjerpa, seier han.

Molde skal til Oslo

Ole Gunnar Solskjær

Molde har vunne cupen ein rekke gongar. Kan dei gjere det same igjen?

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Molde leika seg til 6–0 seier mot Kristiansund FK og tok seg lett vidare frå den første runden av cupen.

No skal dei til Oslo for å møte andredivisjonslaget Grorud IL.

– Her bør Ole Gunnar Solskjær sine menn ha gode sjansar for å ta seg vidare til den tredje runden, seier Hustad.

Eit lag frå Møre og Romsdal på topp?

NM i fotball er for mange vårens vakraste eventyr. Her kan små lag i lågare divisjonar møte topplag frå eliteserien. Og i nokre tilfelle kan David slå Goliat, som då Hødd gjekk til topps i cupen i 2012.

Lag frå Møre og Romsdal har vunne NM-cupen i fotball ein rekke gongar dei siste åra, og kanskje kjem pokalen heim til fylket også i år.

Tidlegare vinnarar:

  • 2009: Aalesund.
  • 2011: Aalesund.
  • 2012: Hødd.
  • 2013: Molde.
  • 2014: Molde.