Slik aksjonerer dei tilsette ved Ålesund sjukehus

Helse Møre og Romsdal skal spare ein halv milliard på tre år. No ropar tilsette eit varsku og fryktar for framtida for både tilsette og for kvaliteten på behandlinga av pasientar.

Aksjon Ålesund sjukehus

Ein stille protest: Tilsette ved Ålesund sjukehus aksjonerer diskret. Dei vil både halde dialogen med leiinga open, men ønskjer også å sende kraftige signal. No klistrar dei lappar på skoa sine, med slagord som støttar kollegaer, som løftar fram pasientbehandlinga og slagord som seier at tida er inne for å rope eit varsku om at sparetiltak råkar både tilsette og pasientar.

Foto: Privat

Alle har kniven på strupen i Helse Møre og Romsdal. Føretaket har levert svake økonomiske resultat sidan starten i 2011. Kassakreditten svulmar opp i takt med underskota. No skal det sparast ein halv milliard på tre år.

Sparetiltaka som blei vedtekne på seinvinteren møtte massive protestar frå Bunadsgerilja, kommunar og pasientorganisasjonar. Nedlegging av fødeavdeling og rehabiliteringsinstitusjon er sett på vent. No er sparetiltaka retta mot kvar einskild klinikk i føretaket. Då startar opprøret internt blant dei tilsette.

– Svært mange tilsette er svært frustrerte, dei er svært slitne og det er bygt opp svært mykje aggresjon. No vel vi å ta lunsjen vår utanfor eit informasjonsmøte, vi viser at vi er mange og vi sender eit sterkt signal til leiinga, seier Egil Romslo Schistad, ein av initiativtakarane til markeringa.

Egil Romslo Schistad

Lege Egil Romslo Schistad er ein av initiativtakarane til opprøret mot sparetiltaka i Helse Møre og Romsdal. Han meiner tiltaka kjem til å gå ut over både tilsette og pasientbehandlinga.

Foto: Terje Reite / NRK

– Ein positiv, stille aksjon

Markeringa måndag skjer i tilknyting til eit informasjonsmøte om kutta i Helse Møre og Romsdal. Møtet er for verneombod og tillitsvalde. Tilsette som har pause kjem til å møte opp i gangen utanfor møterommet, og ete lunsjen sin der. I tillegg har dei klistra slagord på skoa sine.

– Skoa er personlege. Dei kan vi pynte slik vi vil. Vi vil ikkje at aksjonen vår skal vere synleg for pasientane. Vi ønskjer å ha eit positivt forteikn på aksjonen, seier Romslo Schistad.

Spark meg - ikkje kollegaen min

Sko-klistermerke Ålesund sjukehus

Utanfor dei etablerte organisasjonane

Opprøret på Ålesund sjukehus har skjedd utanfor det etablerte tillitsmannsapparatet. Romslo Schistad og nokre andre tok initiativet til ei lukka gruppe på Facebook. I løpet av to døgn hadde gruppa fått 1500 medlemer.

– Noko måtte gjerast. Det er uttrykk for ein frustrasjon. Og det vi gjer no kjem i tillegg innsatsen som våre tillitsvalde gjer. Vi har snakka om å kuppe møte og vise aggresjon. Eg kan love at der er mykje oppdemt aggresjon. Men vi valde å gå for ei meir disiplinert, positiv linje.

Eg elskar Ålesund sjukehus

Skoklistermerke Ålesund sjukehus

– Omsorg blir ikkje målt

Egil Romslo Schistad har markert seg i debatten kring sjukehusfinansieringa med kronikkar og debattinnlegg. Han ønskjer eit sterkare fokus på det faglege i pasientbehandlinga, og meiner at dagens organisering av helsevesenet i for stor grad legg merksemda på økonomi og for lite på omsorg.

– Pengar får spele svært mykje inn. Faget kjem i andre rekke. Når eg har behandla ein pasient må eg setje ein prislapp på pasienten. Men der er ingen kodar i systemet for omsorg. Det finst ingen kode for å halde nokon i handa. Det som blir målt er prislappen vi set på pasientane og kor raskt vi kan få pasienten ut.

Bunadsgeriljaen

Bunadsgeriljaen har markert seg sterkt mot nedlegginga av fødeavdelinga i Kristiansund. Dei tilsette ved Ålesund sjukehus har vald litt andre aksjonsformer og vonar at ein litt meir diskret aksjonisme skal ha effekt.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Pasienten er blitt som ei vare

Egil Romslo Schistad er uroa for kva som kjem til å skje med pasientane når helseføretaket skal kutte. Han trur nok at sjukehuset framleis skal vere i stand til å gjere pasientar friske. Men han trur at mange pasientar får dårlegare omsorg enn før.

– På mange måtar er pasientane blitt som ei vare. Men pasientane har kjensler, dei har tankar, mange er redde og mange er urolege og lurer på kva som skjer. Vi trur også at nedskjeringane kjem til å gå ut over pasienttryggleiken. Det blir stort overbelegg og store studiar viser auka dødlegheit når det er fleire pasientar på sjukehuset enn det er kapasitet til.

#kollegaenmin

Klisterlapp på sko Ålesund sjukehus

– Ring i bjølla

Aksjonen som dei tilsette set i verk no har fått namnet «Ring i bjølla». Bakgrunnen er at dei tilsette no meiner det er grunn til å rope eit varsku og sende eit viktig signal. Symbolikken stammar frå situasjonen som mange korridorpasientar er i. Dei blir utstyrt med ei bjølle i messing, som er måten pasientane har fått til å seie frå at dei treng hjelp.

– «Ring i bjølla» er henta frå fleire gonger eg har gått i korridorane på medisinsk avdeling, gjerne i influensasesongen. «Ring i bjølla» er eit symbol på pasientbehandling som kunne ha vore langt betre, seier Egil Romslo Schistad.

I løpet av søndag er over 1500 tilsette blitt medlemar i den lukka gruppa der markeringane blir planlagde.