Slettvoll nominert til pris

Møbelkjeda Slettvoll frå Stranda er valt ut som ein av fem nominerte til prisen «Årets franchisekjede». Det skriv organisasjonen Virke på sine nettsider. Dei fire andre nominerte er Circle K, Elkjøp, Pizzabakeren og Specsavers. Prisen skal setje fokus på god og berekraftig franchisedrift, og delast ut på Franchisekonferansen den 7. mars.