Karsten Warholm representerer Dimna Idrettslag. Under Framolekene i Bergen i helga tok klubben til saman 15 gull. Høgdepunktet kom Søndag då Karsten Warholm sette ny norsk aldersrekord i lengde, med 6,86 m.
Dermed er Helge Sæteher sin 46 år gamle aldersrekord for Møre og Romsdal sletta med heile 31 cm.
Med dette resultatet er 15-åringen også kvalifisert for deltaking i senior-NM.
Kasten Warholm sette også aldersrekord for Møre og Romsdal i tresteg, med 13,88 og på 300 meter hekk, på tida 40,34.