Også West Fish
Det er Fiskeridirektoratet som har avslått søknaden frå Rosund, svarte Ludvigsen på spørsmål frå stortingsrepresentant Karl Eirik Schjøtt Pedersn (AP).
I Stortinget fortalte Ludvigsen at han truleg og får ein tilsvarande sak på bordet der West Fish Aarsæther har kjøp seg opp i eit nord-norsk selskap som har fleire torsketrålkonsesjonar.
Heilt uakseptabelt
Schjøtt Pedersen gjekk hardt ut då han fekk vite at Rosund ville overta trålarar frå Finnmark og fri desse frå leveringsplikta. Heilt uakseptabelt, sa Schjøtt Pedersen som ville vite korleis fiskeriministeren stilte seg til saka. Ein konsesjon bind ein trålar til å levere fisken til fiskemottak på bestemte stader. Dette skjer for å oppretthalde ressurstilgangen til fiskemottaka i Nord-Norge, men samstundes betyr det mindre konkurranse og dårlegare prisar.
Vanskeleg konfliktområde
Regjeringa jobbar for å finne ei løysing for selskap som vil drive lønsamt trålfiske når lovverket krev leveringsplikt til nord-norske bedrifter. Dette er eit vanskeleg konfliktområde, noko rettssaka mellom West Fish Aarsæther og Domstein om leveringsplikten til trålaren Vadsøjenta viser. Eierskapsutvalget har foreslått å knytte leveringsplikten til større regioner, eventuelt til fylkene. Dette forslaget er nå til vurdering i departementet.