NRK Meny

Slepp ekstra gebyr

Eldre og uføre i Sunndal slepp å måtte betale for å flytte søppeldunken. Frå neste år krev kommunen at søppeldunken skal bli flytta fram til vegen. NRK fortalde i går at kommunen ville sjå på og utarbeide eit gebyr slik at eldre og uføre kan sleppe å trille fram søppeldunken. Etter eit møte i teknikk- og miljøutvalet blei det samrøystes bestemt at eldre og uføre slepp gebyret, seier kommunestyremedlem Stig Rune Andreassen frå FrP.

Magnhild Bergfall
Foto: Eirik Haukenes / NRK