Hopp til innhold

Slekt og vener skal inn til avhøyr

Politiet på Sunnmøre vil dei næraste dagane avhøyre slekt og vener til sunnmørskvinna som vart funnen død i Sverige saman med si 9 månader gamle jente måndag.

Terje Rishaug

SAMARBEIDAR: Etterforskingsleiar, Terje Rishaug, i Ålesund seier at dei samarbeider med svensk politi, men at etterforskinga blir styrt frå Arboga.

Foto: Alf Jørgen Tyssing / NRK

Etterforskinga blir styrt av svensk politi, men dei samarbeidar med Sunnmøre politidistrikt om saka. To politifolk frå Sverige var i Ålesund i går. Det er uklart om dei vil kome tilbake, eller om dei vil halde fram etterforskinga på Sunnmøre ved hjelp av norsk politi.

Ingen pågripne

Arboga

ETTERFORSKAR: Dødsfalla blir etterforska av svensk politi, i samarbeid med politiet på Sunnmøre.

Foto: Martin H. W. Zondag / NRK

Framleis er ingen pågripne i saka, og det er ikkje klart om den 38 år gamle kvinna og dottera vart drepne. Om ei veke eller to vil prøvesvara frå obduksjonen kome, og først då vil det truleg bli avklart om det var ei kriminell handling som førte til at dei to miste livet.

Dei to vart funne døde i leilegheita si i Arboga måndag. I den førebelse obduksjonsrapporten kjem det fram at verken kvinna eller babyen har teikn på ytre vald.

Les også:

Fleire vitne skal til avhøyr

Minnesmerke i Arboga

MINNE: Lys, bilete og blomar utanfor leilegheita til sunnmørskvinna i Arboga.

Foto: Martin Herman Wiedswang Zondag / NRK

Etterforskingsleiar Terje Rishaug ved Sunnmøre politidistrikt seier at dei har hatt vitne inne til avhøyr, men vil ikkje seie kven, eller kva som kom fram. Vitneavhør av dei næraste pårørande vil skje i løpet av dei neste dagane.

– Årsaka til at svensk politi kom hit, er for at dei vil finne ut meir om bakgrunnen til kvinna. Ho er oppvaksen her og har røter og slektningar her, seier Rishaug.

Og slektningane til kvinna – blant dei eks-kjærasten og borna hennar – vil bli kalla inn til avhøyr dei næraste dagane.

– Oppgåva vår blir å snakke med slekta til kvinna, og det vil vi gjere i dagane som kjem, stadfestar Rishaug.