NRK Meny

Sleipt og glatt føre

Ein bil køyrde av av europavegen ved Roaldset i Molde i sju-tida. Bilføraren er sendt til sjukehus. Ifølge Statens vegvesen er det mulieg å passere, men dei ber andre trafikkantar vere merksame. Ifølge politiet kan det bli noko stopp i trafikken når bilberginga startar. Dei opplyser dessutan at det kan vere sleipt og glatt føre enkelte stader.