Slåstkamp i Molde

Det har vore ein slåstkamp i Molde sentrum. Ein person skal ha gått til angrep på tre andre, før vedkommande hamna i sjøen. Angriparen kom seg opp på eiga hand og stakk frå staden. – Dei tre som vart angripen har det etter forholda bra, seier Sindre Molnes i politiet.