Hopp til innhold

Slåsting på utestad

Seint i går kveld fekk politiet i Ålesund melding om eit slagsmål mellom to personar inne på ein utestad. Dei to involverte, ein mann på 18 og ein på 20, blei vist vekk frå Ålesund sentrum resten av natta. Politiet melder at ingen skal ha blitt skadd i slåstkampen.