Hopp til innhold

Slåsting i Volda og Kristiansund

Fleire personar var blanda inn i slåsting i Volda sentrum i tretida natt til søndag. Ein person blei brakt til legevakta i ambulanse.

Politilogo

Politiet hadde nok å gjere natt til søndag, særleg i Volda der fleire var innblanda i slåsting.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Vedkomande, ein mann tidleg i 20-åra, skal ha starta det heile med å hoppe opp på panseret på ein bil. Det resulterte i at han blei skalla ned av ein mann i tenåra. Den skadde måtte til legevakt for sjekk. Fleire personar var involverte, men mange av dei prøvde å roe ned situasjonen. Ein blei pågripen og blir avhøyrt.

Det var meir uro i Volda i natt, for to personar blei viste bort frå sentrum etter at dei hadde laga kvalme på ein utestad. I Volda var det og tjuveri av ein bil tidlegare på kvelden, men den kom til rette.

I nabokommunen Ørsta hoppa ein mann på sjøen, men vedkomande kom seg på land igjen.

Dominoeffekt

Også i Kristiansund var det handgemeng i tretida i natt. Det starta utanfor Caroline kino då ein utanforståande blanda seg inn i ein krangel mellom eit kjærastepar. Det blei ein dominoeffekt då den utanforståande skubba til den andre mannen. Han ramla, og tok også med seg kjærasten i fallet. Ho måtte til legevakta for sjekk. Politiet trur dette skuldast eit uhell.

I Kristiansund blei dessutan ein person skalla i ansiktet litt tidlegare på natta. Det skjedde på ein utestad, og politiet veit kven som skalla.

Ruskøyring

Både i Ålesund og Moltustranda er det mistanke om ruskøyring i natt. Ein bil køyrde av vegen på Moltustranda, og føraren er sikta for promillekøyring. Føraren som blei stoppa på Åsestranda i Ålesund er sikta for det same, og blir framstilt for utvida prøve.

Politiet kjem og til å følgje opp etter at ein person prøvde å bruke falsk legitimasjon for å kome seg inn på ein utestad i Molde. I Ulsteinvik blei ein person vist bort frå sentrum for bråk og uro, medan ein mann blir meldt for urinering på offentleg stad i Surnadal.