Slåsting i storkiosk

To-tre personar tørna saman inne på ein storkiosk i Ålesund sentrum like før midnatt, og politiet måtte rykke ut til staden for å roe ned situasjonen. Ingen av dei involverte ville melde saka til politiet, men kamphanane blei viste bort frå sentrum for resten av natt.