NRK Meny
Normal

Her slår barna ring om sjukehuset sitt

Rundt 1000 barn var samla i dag for å bevare sengeposten på barneavdelinga i Kristiansund.

I ein aksjon for å bevare sengeposten på barneavdelinga slår 1000 barn ring om sjukehuset i Kristiansund.

Sengeposten ved barneavdelinga i Kristiansund står i fare for å bli lagt ned. I dag sa barn og unge klart i frå om kva dei meiner om det.

I føremiddag samla 1000 barn seg i Braatthallen i Kristiansund for å øve på Ove Borøchstein og Jahn Teigen-sangen "Slå ring," før dei dro til sjukehuset for å slå fysisk ring om det.

"Slå ring" er eit støttearangement både for sjuke born og eit lokalsjukehus som kan gje dei rask hjelp. Arrangør er Kristiansund kommunale foreldreutval i samarbeid med foreininga Gamle Kripos.

Bakgrunnen er at sengeposten ved barneavdelinga står i fare for å bli lagt ned.

Stolt ordførar

Ordførar Per Kristian Øyen hadde venta at det skulle bli stor oppslutning rundt aksjonen, men er imponert av at så mange barn og ungdomar møtte opp.

– Barn og unge er opptekne av helsa si og forstår viktigheita av å ha ei barneavdeling. Eg er stolt over at vi har fått til dette arrangementet, seier Øyen.

Sjølv om det er mest symbolikk, trur Øyen at dei som har makt til å gjere vedtak, er moglege å påverke.

Må spare pengar

Sjukehusaksjon

Det er foreldreutvalet i samarbeid med foreninga Gamle Kripos som står bak aksjonen.

Foto: Roar Halten / NRK

Ei barneavdeling i Kristiansund som kun er opa om dagen er eitt av forslaga til ei arbeidsgruppe for born og unge, som har sett på funksjonsfordelinga mellom sjukehusa i Helse Møre og Romsdal.

Helseføretaket har store økonomiske utfordringar, og må spare pengar for å kunne finansiere eit nytt fellessjukehus i Nordmøre og Romsdal.

Om styret går inn for forslaget, må dei sjukaste borna til Ålesund.


Tilsette er rørt

Også dei som jobbar ved sjukehuset set pris på aksjonen.

– Det er veldig rørande at så mange har tatt vegen i det dårlege veret, seier Berit Hakkebo. Ho er sjukepleiar.

Overlege ved barneavdelinga, Anna Owczarz synest det er viktig at det er barn og foreldre som står bak aksjonen.

– Det er dei som ser verdien av å ha døgnopen barneavdeling ved sjukehuset, seier Owczarz.

Ordførar Per Kristian Øyen er imponert over at så mange møtte opp.

Sjå intervju med ordførar Per Kristian Øyen og overlege ved barneavdelinga, Anna Owczarz.