Hopp til innhold

Slår eit slag for den "uperfekte" jula

Ho trur stadige bilde på Facebook og Instagram av restaurantbesøk og fine kle i førjulstida gjer andre triste og nedstemte.

Anne Karin Zeitz

Anne Karin Zeitz i Kirkens Bymisjon seier ho ikkje har baka ei einaste småkake til jul. Ho syns det er litt flaut, men også frigjerande.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Anne Karin Zeitz vil ikkje be folk slutte å publisere fine bilde av hyggelege opplevingar på Instagram eller Facebook, men seier likevel at nettopp slike bilde skaper vanskar for mange.

Sosiale medium er fulle av restaurantbesøk, middagar og fine kle.

Skaper det forventningar hos andre om å få til det same?

Ja, mange blir triste, nedstemte og skamfulle fordi dei ikkje klarer å leve opp til noko slikt. Vi trur vel gjerne at alle har det så perfekt, fordi det er noko vi viser fram meir og meir, men det skaper ein del vonde kjensler i jula, seier ho.

Droppa bakinga til jul

Juleplakatar på Moa

Det er mange som ber oss om å handle endå litt meir til jul, men langt frå alle som har råd.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing

Sjølv vedgår ho at ho ikkje har baka ei einaste småkake til jul. Ungane fekk kalendrar, innkjøpte godt ut i desember og fylte med sjokolade. Det er litt flaut, men ho klarer å le litt av det sjølv, når ho fortel om det til venninnene.

– Eg kjenner nok litt dårleg samvit for at vi ikkje har gjort fleire juleførebuingar, men sånn er det, seier ho og vedgår at det er litt frigjerande.

– Ekstra utfordrande tid

Torsdag kveld var Anne Karin Zeitz sjølv på kjøpesenteret på Moa og opplevde hundrevis av førjulskundar som hasta forbi i dei mange butikkane.

Som dagleg leiar i Kirkens Bymisjon er ho fullstendig klar over at mange ikkje har like mykje å rutte med i jula. Ho seier jaget etter det perfekte, gjer at fleire fell gjennom.

– Vi veit at dette er ei ekstra utfordrande tid for mange. Det kan handle om rus, psykisk helse, det å ikkje strekkje til overfor familien, og for mange handlar det om økonomi, seier ho.

Mange handlar to dagar før jul

Julie Svabø

Julie Svabø arbeider i parfymeri og har hatt nokre svært hektisk veker i butikken.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing

Det er fullt på parkeringsplassen utanfor kjøpesenteret på Moa, og fleire frustrerte bilistar som kjempar om plassane berre to dagar før jul.

I eitt av parfymeriet i senteret er det mange kundar som handlar, og ekspeditør Julie Svabø vedgår at det går fort i svingane.

– Det er litt hektisk akkurat no, no skal eg pakke inn ei gåve til ein mann, seier ho, og svøper varene lynraskt i sølvpapir.

Etterlyser ro og mindre stress

Anonym kvinne

Ho som er med mora på handletur på Moa torsdag kveld ber folk om å setje seg ned og la julefreden senke seg.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing

Zeitz får gehør for tankane om mindre materialisme hos ei som er på handlerunde med mora på Moa. Ho gler seg til høgtida, men etterlyser meir ro.

– Eg syns det er veldig stressande, eg syns nesten det er eit antiklimaks å kome til jul når vi driv og stressar og kavar i tre-fire veker for å kunne kose oss i lag i tre-fire dagar, seier ho, og legg til at ho har bedt familien stresse ned.

– Eg syns folk berre skal setje seg ned og slappe av og kjenne litt på julefreden, rett og slett, seier ho.