Skisenter beklagar at så mange fekk sleppe inn

Det var lange køar og vanskeleg å halde nok avstand i skitrekket i Sykkylven. – Vi legg oss paddeflat, seier styreleiar.

Lange køar i skitrekket på Fjellsætra

Ein svikt i systemet gjorde at altfor mange slapp inn i skitrekket i Sykkylven.

Foto: tipsar

Sol og strålande vintervêr gjorde at mange ville stå på ski laurdag. Ved Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsetra kom det så mykje folk at det var vanskeleg å halde avstand. NRK får opplyst at folk stod i kø i 20 minutt.

– Det var umogleg å halde ein meter. Køene gjekk inn i kvarandre og også inne var det fullt, seier ein av dei besøkande.

No beklagar skisenteret det som skjedde.

– Vi legg oss paddeflat. Slik skal det ikkje vere, seier styreleiar i Sykkylven friluftssenter, Tore Utgård. Det var Sunnmørsposten som først omtalte saka.

Svikt i systemet

Datasystemet skal ha ei øvre grense for å kor mange dagskort som kan bli selt for å vareta smittevernreglane. Svikt i systemet gjorde at maksgrensa ikkje fungerte.

– Eg har ikkje tal på kor mange som var der, men det var altfor mykje, seier Utgård. Han seier dei er svært lei seg for det som skjedde. Dei har sendt e-post til alle som kjøpte dagskort digitalt og beklaga.

Frå søndag blir det sett ei grense på 100 dagskort. I tillegg kjem dei som har årskort.

Håper ein slepp smitte

Ordfører i Sykkylven kommune, Odd Jostein Drotninghaug (Sp)

Ordførar i Sykkylven, Odd Jostein Drotninghaug (Sp) håper ikkje dagens kø i skitrekket skal føre til smitteutbrot.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Ordførar Odd Jostein Drotninghaug (Sp) seier det ikkje er bra at talet på besøkande kom ut av kontroll og at dei ikkje klarte halde avstand.

– Vi får berre håpe at det gjekk bra. Vi har køyrt stramt på smittereglane, så då kan ikkje det vere dette som skal løyse det ut, seier Drotninghaug.

Han er glad for at skisenteret no har tatt grep. Sjølv går han på langrenn og meiner at her er det god plass i løypene.

– Det er køyrt opp mange kilometer med langrennsløyper, så det skal vere plass til mykje folk, seier ordføraren.