Fortsatt kamplystne
Trass den langvarige kampen og den dystre meldinga i går om nedlegging av slakteriet i Molde frå 1.juli neste år, så møtte dei tilsette ved slakteriet i Molde fortsatt kamplystne på jobb i dag.
No står kampen om kva som skal skje med anlegget når Gilde stenger dørene.
Styreleiar i konsernet Norsk Kjøtt, Harald Mork, seier til Sunnmørsposten at dei ikkje vil selje til private konkurrentar innan kjøttbransjen. - Vi vil ikkje bidra til å styrke våre konkurrentar, seier Mork.
Konkurranse
Tillitsvald for dei tilsette, Kurt Hagerup, seier dei har kontakt med konkurransetilsynet og at dei tilsette meiner anlegget må selgast til ein privat aktør som vil satse på slakteriverksemd. Han trur heller ikkje eigarane, bøndene, vil akseptere sal til anna enn slakteriverksemd.
- Gilde har jo lagt inn i sitt budsjett sal av anlegget for 23 millionar, og skal dei få den summen så må dei selje til ein konkurrerande aktør innan slakteri, trur Kurt Hagerup.