Endeleg vedtak
Konsernstyret i Norsk Kjøtt gjorde sitt endelege val på sitt møte i Oslo i ettermiddag. Då blei Gilde-styret sitt nedleggingsvedtak godkjent med ni mot fire stemmer.
Ålesund består
Slakteriet i Ålesund
Slakteriet i Ålesund skal dermed bestå og blir Gilde-systemet sitt einaste råvareanlegg i Møre og Romsdal frå neste sommar.
Sparer 27 millionar
Norsk Kjøttsamvirke reknar med å spare 27 millionar kroner på å legge ned slakteriet i Molde. Det er tre millionar kroner meir enn dei ville spart ved å legge ned i Ålesund, har ei arbeidsgruppe i Gilde rekna ut.
Harald Mork frå Averøy er styreleiar i Norsk Kjøttsamvirke.
Styreleiar Harald Mork seier at dei måtte legge ned eitt slakteri for å betre lønsemda. Situasjonen har vore ekstra spissa for styret sidan to anlegg i same området blei sette opp mot kvarandre. - Ei nedlegging i Molde eller Ålesund ville gitt omlag same innsparinga, seier Harald Mork.
Vanskeleg avgjerd
Mork, som sjølv driv gard på Averøya og leverer kjøt til slakteriet i Molde, har hatt ei vanskeleg avgjerd å ta saman med resten av styret i dag.
På Nordmøre og i Romsdal har det vore sterke reaksjonar mot tidlegare vedtak om å legge ned slakteriet i Molde, fordi slakteriet er blant dei mest effektive og lønsame i heile Gildekonsernet.
Harald Mork seier han håper gemytta no vil roe seg.